Bjørdal med stor leveranse til Tersan skipsverft

Publisert: 03.10.2019 kl. 12.53 | Oppdatert: 17.10.2019 kl. 11.43
Illustrasjonsfoto: Bjørdal
Illustrasjonsfoto: Bjørdal

Bjørdal er valt til å levere ei komplett løysning for prosessering, logistikk og frysing av fisk ombord på Austevoll-reiarlaget Østerfjord si nye kontrahering. 

Fartøy og fabrikkløysing er utvikla i eit nært og godt samarbeid mellom Marin Teknikk i Herøy, Østerfjord og Bjørdal og er designa for både line- og snurrevad fiske. Ved levering frå verft i 2021 blir dette det største nybygde fartøyet av sitt slag.  

TOPP MODERNE

Reiarlaget har valt ei topp moderne løysing for prosessering om bord, med produksjon både av filet og blokkfrosen fisk. Reiarlaget har og bede om løysingar for full ressursutnytting med ivaretaking av restråstoff noko som også inngår i Bjørdalsin leveranse. 

Bjørdalsin leveranse omfattar også frysing av produkta i autofrysarar, heilautomatiserte logistikkløysingar i frysehotell, pakking og palletering av ferdige sluttprodukt samt styrings- og overvakingssystem for heile fabrikken. Inkludert i logistikken er også transport til og frå fryserom, samt kostnadseffektiv losse løysing via heis ut over skutesida. Bjørdalvil i prosjektet også bistå reiar og verft med løysingar og leveransar til fangstsikring.

STOLT

Dagleg leiar i Bjørdal, Bjørn Meek, seier seg stolt over å bli valt til dette oppdraget og ser fram til vidare samarbeid med reiar, designar og verft. – Å få levere til Østerfjord-rederiet på Austevoll er for oss viktig og utruleg kjekt. Dette er ein kunde som vi verkelig ser fram til å arbeide med. Vi er takksame for at Bjørdali gjen får ein slik leveranse der vi skal levere det best av kvalitet og løysingar innanfor om bord- fiskeprosessering,” seier Meek i ein kommentar.

Bjørdal skal levere alt utstyr til Tersan skipsverft i Tyrkia for leveranse av ferdig båt andre kvartal 2021.

Bjørdal utviklar og leverer system, løysingar og utstyr for prosessering av fisk og skalldyr i tillegg til system og utstyr til akvakultur på sjø og land. Bjørdal leverer også større bygg og anleggskonstruksjonar samt tenester og varer for service og ettermarknad. Bedrifta held til i Hovdebygda på Sunnmøre.

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen