Brunvoll leverer utstyrspakke til Royal Arctic Line

Publisert: 07.09.2018 kl. 13.27
Royal Arctic Line har valgt framdrifts-, manøvrerings- og kontrollsystem frå Brunvoll for to nye cargo/container fartøy.  Illustrasjon: Havyard Design & Solutions AS.
Royal Arctic Line har valgt framdrifts-, manøvrerings- og kontrollsystem frå Brunvoll for to nye cargo/container fartøy. Illustrasjon: Havyard Design & Solutions AS.
Brunvoll har signert kontrakt med Astilleros Zamakona S.A., i Spania for levering av komplett framdrifts-, manøvrerings- og kontrollsystem for to cargo/container fartøy for Royal Arctic Line AS, Nuuk, Grønland. 

Dei to fartøya har byggnummer C797 og C798 ved Zamakona, og er av Havyard 974 design, frå Havyard Design & Solutions AS. Utstyret skal leverast innan 2020. 

Systemleveransen frå Brunvoll består av gir- og propellanlegg, tunnel thrustarar og komplett kontrollsystem for framdrift og manøvrering. Framdriftsanlegget er ein diesel-mekanisk hybrid konfigurasjon med PTO/PTI for «take-me-home» driftsmode. Fartøya skal operere langs kysten av Nordvest Grønland, og leveransen frå Brunvoll er designa for arktiske forhold med høg isklasse. 

- Brunvoll er stolt over nok ein gong å bli valgt som leverandør av framdrift og manøvrering til Royal Arctic Line si flåtefornying, og vi ser fram til eit godt samarbeid med Astilleros Zamakona for å gjennomføre kontrakta», seier Roar Slotsvik, EVP Sales & Marketing i Brunvollgruppa. 

Brunvoll har tidlegare levert liknande utstyr til Ivalo Arctica og Minik Arctica, begge levert i 2016. Dei nye skipa vil ha større kapasitet enn eksisterande fartøy i flåten. 
 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen