Brunvoll med ny kontrakt

Publisert: 31.05.2017 kl. 10.44
Illustrasjon: Ulstein Verft
Illustrasjon: Ulstein Verft
Brunvoll Volda har signert kontrakt med Ulstein Verft for levering av utstyrspakke til den nye Hybrid Ro-Pax ferga til Color Line Marine. Utstyret frå Brunvoll skal leverast i april 2018, går det fram av ei pressemelding.

Systemleveransen frå Brunvoll består av gir- og propellanlegg, sidethrustarar, ror og styremaskin, og styresystem. 

Framdriftssystemet bygd for hybrid framdrift er eit twin screw gir- og CP-propellanlegg med PTI-funksjon for elektromotor/generatordrift. Framdriftssystemet er designa for dieselmekanisk, elektrisk eller batteridrift. Roret er eit integrert system mot propell og skrog for optimal driftsøkonomi. Thrusterpakken består av 2 FPP tunnelthrustarar og ein RDT permanent magnetdreven tunnelthruster. Leveransen inkluderer styresystem for framdrift, posisjonering og manøvrering.

– Dette er ei banebrytande kontrakt for Brunvoll. Kontrakten er den første komplette systemleveransen frå Brunvoll, Brunvoll Volda og Brunvoll Mar-El i fellesskap. Vi er stolte over å ha blitt valgt som leverandør til dette skipet som også er tildelt «Next Generation Ship Award» på Nor-Shipping i Oslo, seier Hallvard Pettersen, CEO i Brunvoll Volda AS.

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen