Brunvoll med Ulstein-kontrakt

Publisert: 12.07.2017 kl. 15.07
SunStone Ship sitt nye skip, med design av type Ulstein CX103. Illustrasjon: Ulstein Group
SunStone Ship sitt nye skip, med design av type Ulstein CX103. Illustrasjon: Ulstein Group
Brunvoll har inngått kontrakt med Ulstein Design & Solutions AS for levering av framdrifts- og manøvreringssystem til eit ekspedisjonscruisefartøy.

Leveransen frå Brunvoll inngår i design- og utstyrspakken som ligg i kontrakta mellom Ulstein Design & Solutions og China Merchants Heavy Industry (Jiangsu) Co., Ltd (CHMI), for eitt ekspedisjonscruisefartøy, kjem det fram av ei pressemelding. Skipet har design av type Ulstein CX103, og er for reiarlaget SunStone Ships Inc., USA. Utstyret frå Brunvoll skal leverast i løpet av 1. og 2. kvartal 2018.

Utstyrspakken frå Brunvoll består av gir- og propellanlegg, ror med styremaskin, tunnelthrustar og kontrollsystem til både framdrift, posisjonering og manøvrering. Framdriftsanlegget er eit dobbelskru dieselelektrisk system. Baugthrusteren er med vridbare blad, og rora er konvensjonelle spaderor med rotary vane styremaskin.

Kontraktspartnar er Brunvoll Volda AS.

– Denne kontrakta er strategisk viktig for oss, sidan den også gir oss ein posisjon som systemleverandør til cruisesegmentet», kommenterer Hallvard Pettersen, dagleg leiar i Brunvoll Volda, i pressemeldinga. Pettersen stadfestar at ordrereserven til Brunvoll Volda av kundetilpassa framdriftsanlegg no består av prosjekt til både fiskefartøy, offshore, handelsfartøy og passasjer/cruise.
– Det er av stor betyding for oss å oppretthalde ein vesentleg marknadsandel i desse hovudsegmenta, seier Pettersen. 
 

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler