Color Hybrid-arbeidet i gang hos Ulstein

Publisert: 15.11.2018 kl. 14.24
Konsernsjef i Ulstein, Gunvor Ulstein, konsernsjef Trond Kleivdal i Color Line og konserndirektør teknisk maritim drift, Jan Helge Pile, under kick-off for Color LIne-prosjektet hos Ulstein Verft 15. november. Foto: Nanseth Media
Konsernsjef i Ulstein, Gunvor Ulstein, konsernsjef Trond Kleivdal i Color Line og konserndirektør teknisk maritim drift, Jan Helge Pile, under kick-off for Color LIne-prosjektet hos Ulstein Verft 15. november. Foto: Nanseth Media
Torsdag 15. november markerte Color Line og Ulstein Verft oppstarten på arbeidet på verdas største plug-in hybridskip, ‘Color Hybrid’. Skroget kom nyleg fram til verftet, der fleire hundre arbeidarar no står på for å få skipet ferdig til sommarsesongen.

Color Hybrid er eit godt eksempel på samspelet i den norske maritime klynga, slår Ulstein Group fast i eit presseskriv. Color Line valte eit norsk verft for byggeprosjektet. Vidare har verftet skrive kontrakt med ei rekkje underleverandørar, om lag 70 prosent av desse er norske.

Éin arbeidsplass på eit skipsverft genererer fem andre
Ringverknadene for leverandørane er store når eit skipsbyggingsprosjekt vert plassert på eit norsk verft. Om lag 100 norske leverandørar er involverte i Color Hybrid-prosjektet, og fleire av desse var til stades på markeringa torsdag.

- Vilje og evne til omstilling har vore ein viktig drivar i utviklinga av selskapet. Om vel eit halvt år vil dette praktfulle skroget framstå som eit flaggskip for miljø og innovasjon for heile den maritime næringa i Noreg, sa konsernsjef Trond Kleivdal i Color Line under kick-off på Ulstein Verft.

- Når Color Line vel Ulstein Verft til bygginga av Color Hybrid, gir det store ringverknader for underleverandørar og samarbeidspartnarar regionalt og nasjonalt. Berre på Ulstein Verft vil 400-500 personar vere involverte i dette prosjektet. Kvar arbeidsplass i verftsindustrien genererer meir enn fem arbeidsplassar i privat og offentleg sektor, noko som igjen skapar grunnlaget for ein levedyktig region, og ikkje minst gir betydelege skatteinntekter for stat og kommunar, understreka konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.

Prisløna for innovasjon og berekraft
Color Hybrid skal settast i teneste på strekninga Sandefjord-Strömstad frå sommaren 2019. Allereie før skipet er bygd, har det rukke å verte prisløna. Ved opningsseremonien til Nor-Shipping sommaren 2017, vart skipet kåra til vinnar av ‘Next Generation Ship Award’. Med fokus på innovasjon, heidra prisen det mest lovande designet på skip som skal sjøsettast det kommende tiåret. I følge juryen vitnar løysingane i skipet om innovasjon og ein ambisjon som leier den maritime næringa vidare til ei grønare, meir lønsam og meir berekraftig framtid.

Color Hybrid er eit plug-in hybrid-skip. Det inneber at skipet slår over på batteri når det kjem til innløpet av Sandefjordsfjorden. Det går på batteri heile vegen inn fjorden, utan støy eller forureinande utslepp. I Sandefjord hamn har reiarlaget installert landstraum som laddar batteria med berekraftig straum frå norsk vasskraft.


Fakta om skipet
Color Hybrid vert bygd av Ulstein Verft, og er designa av Fosen Yard. Det har rom for 2000 passasjerar og 500 bilar.

Lengda er 160 meter, og breidda er på 27,1 meter. Hybridskipet skal kunne gå 17 knop til vanleg, med ei toppfart på over 20 knop. 

Batteripakken er på 4,7 MWh, tilkoblinga til landstrøm er på 6,5 MW, varmegjenvinningssystemet er på 340 m3/5 MWh.
Det er også drivstofftankar på 584 kubikkmeter om bord.

Skipet kan gå på straum i 12 knop opp til 60 minutt på ei lading.
Rundt 20 prosent av energiforbruket om bord kjem frå "grøn" elektrisistet.

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler