Color Hybrid er Årets Skip

Publisert: 04.06.2019 kl. 12.48 | Oppdatert: 04.06.2019 kl. 13.29
Frå prisutdelingen. Foto: Ulstein Group
Frå prisutdelingen. Foto: Ulstein Group
 Verdas største plug-in hybridfartøy, Color Hybrid, er utnemnd til ‘Årets Skip 2019’. På vegner av Ulstein tok konsernsjef Gunvor Ulstein i mot prisen frå HKH Kronprins Haakon på Nor-Shipping-messa 4. juni 2019.

Color Line-skipet er under bygging på Ulstein Verft. Byggnummer 311 er designa av Fosen Yard, og vil bli sett i teneste på linja Sandefjord - Strömstad denne sommaren.

Med ei batteripakke på 4,7 MWh vil Color Hybrid kunne sigle 12 nautiske mil berre på batteristraum, ladda med straum i Sandefjord.

ANERKJENNING - Ulstein har gjennom dei siste 100 åra utvikla ein solid kompetanse innan  skipsbygging. For oss er denne prisen ei anerkjenning av verdiane våre om å tenke nytt, å engasjere og utfordre det eksisterande samt å levere kvalitet til våre kundar. Vi deler denne prisen med alle våre tilsette, og heile den norske maritime klynga, sa Gunvor Ulstein i talen sin. Ho takka også reiarlaget, Color Line, for den tilliten dei synte ved å plassere bygginga av dette innovative og miljøvenlege skipet ved Ulstein Verft. 

Skipet er 160 meter langt og 27,1 meter breitt, og har kapasitet til å transportere 2000 passasjerar og 500 personbilar.

‘Årets Skip’-utmerkinga vert delt ut årleg av Skipsrevyen. Dei nominerte vert føreslegne av magasinet sine lesarar, og vinnaren vert kåra av ein fagjury. Innovasjon er eitt av dei viktigaste kriteria for å vinne.

NORSK UTSTYR Meir enn 70 prosent av leveransane til ‘Color Hybrid’ kjem frå bedrifter i den norske maritime klynga, noko som viser fram det beste frå norsk maritim industri.
 

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler