Equinor forlengar kontrakta for Island Wellserver

Publisert: 18.03.2019 kl. 15.46
Island Wellsaver har fått fornya kontrakt med Equinor. Arkivfoto: Harald M. Valderhaug
Island Wellsaver har fått fornya kontrakt med Equinor. Arkivfoto: Harald M. Valderhaug
Island Offshore og TIOS held fram som leverandør av brønnintervensjonstenester til Equinor, og har sikra seg ei ny avtale for Island Wellserver.

Det kjem fram av ei pressemelding. Fartøyet har vore på kontrakt for Equinor sidan april 2009, og ved oppstart av den nye avtalen i april 2020 vil Island Wellserver vere inne i sitt tolvte år for same klient.

Den nye avtalen inneber at Equinor har forlenga eksisterande kontrakt med eitt år, med opsjon for 3 x 1 ytterlegare år. Dette vil gi Island Wellserver kontinuerleg arbeid i minimum 200 dagar i året tilsvarande dagens kontrakt.

Dei siste åra har verkeleg sett oss på prøve, men som eigar og operatør innan lett brønnintervensjon har vi heile vegen hevda at dette segmentet er levedyktig, og no har vi fått bevis på behovet for tenestene våre. Å få fornya tillit med Equinor er svært gledeleg for oss, og vi har håp og tru om operasjon utover dei 200 faste dagane på norsk sokkel, seier Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore.

Island Offshore og TechnipFMC inngjekk i 2018 ei strategisk samarbeidsavtale innan brønnintervensjonsleveransar, og Island Offshore selde samstundes aksjemajoriteten i dotterselskapet Island Offshore Subsea til TechnipFMC. Selskapet heiter no TIOS AS og er kontraktspart med Equinor, medan Island Offshore står for leveranse av fartøy med maritimt mannskap.

Fartøy for lett brønnintervensjon (LWI), også kalla flyttbar innretning, er viktige verktøy for å auke utvinninga frå felt i drift. Ikkje berre er dei sikrare, men dei er også meir effektive og kostnadsbesparande enn konvensjonelle riggar. Sidan oppstarten har Island Wellserver utført over 250 intervensjonar på subsea brønnar. Island Offshore eig også dei flyttbare innretningane Island Frontier og Island Constructor.

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler