Fin kontraktshaust for Island Offshore

Publisert: 23.10.2019 kl. 11.01
LNG-drivne Island Contender har sikra seg jobb for Neptune Energy Norge. Foto: Island Offshore
LNG-drivne Island Contender har sikra seg jobb for Neptune Energy Norge. Foto: Island Offshore
Island Offshore har denne hausten sikra seg fleire små og store kontraktar til skip i ulike segment.

Plattform forsyningsskipet Island Commander fekk tidlegare i haust eitt års forlenging av kontrakta si med Lundin, eit selskap båten har jobba for sidan 2016. Etter å ha fått montert landstraumskopling i september, gjekk også søsterskipet Island Chieftain rett på kontrakt for Repsol med ei varigheit på seks månadar pluss opsjonar.

LNG-drivne Island Contender har sikra seg jobb for Neptune Energy Norge, og går på kontrakt for selskapet om få dagar, 3 månadar fast og 6 månadlege opsjonar. Også søsterskipet Island Crusader tok til på ei 30+60 dagars kontrakt for Well Expertise denne veka.

– Aktiviteten i dette segmentet har vore god i 2019, men vi ventar noko lågare aktivitet gjennom vinteren. Det er difor svært gledeleg å skaffe arbeid til desse skipa no, for strategisk viktige kundar. Vilkåra er på linje med marknaden; kontraktane er korte og konkurransen skarp. Vilkåra må nok betrast ytterligare i 2020 for å sikre berekraftig lønnsemd, seier Island Offshore-direktør Tommy Walaunet i ei pressemelding.

I 2020 ventar også 200 nye dagar med arbeid for subseakonstruksjonsfartøyet Ocean Intervention III som har vore på jobb for Oceaneering heilt sidan 2007. Island Offshore har over lang tid hatt eit omfattande og godt samarbeid med Oceaneering, og båten har vore på oppdrag for selskapet i Angola sidan 2012.

Brønnintervensjonsfartøyet Island Constructor har hatt eit godt driftsår i 2019.

Også dei to andre brønnintervensjonsfartøya, Island Frontier og Island Wellserver som er på kontrakt for Equinor, har fått ekstra dagar i potten i år og har dermed arbeid til ut i november.

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler