Fregatt-forliset har kosta 500 millionar

Publisert: 05.02.2019 kl. 15.12
Beredskapsdirektør Johan Marius Ly i Kystverket og sjefen for Sjøforsvaret kontreadmiral Nils Andreas Stensønes i paneldebatt om fregattforliset under Haugesundkonferansen. Foto: Thomas Førde
Beredskapsdirektør Johan Marius Ly i Kystverket og sjefen for Sjøforsvaret kontreadmiral Nils Andreas Stensønes i paneldebatt om fregattforliset under Haugesundkonferansen. Foto: Thomas Førde
Etter at fregatten KNM Helge Ingstad forliste i november i fjor, har dei mange ulike tiltak og bergingsoperasjonar kosta om lag 500 millionar kroner.

Det var sjefen for Sjøforsvaret, kontreadmiral Nils Andreas Stensønes, som opplyste dette under Haugesundkonferansen tysdag. Stensønes seier vidare at dette anslaget vil dekke inn alle kostnader som Forsvaret og Kystverket har hatt i samband med berging og sikringsoperasjonar og oljeverntiltak.

Den største delen av kostnadene går med til å betala selskapet som skal heva og fjerna vraket.

Oljevern til 55 mill.
Kystverket som har ansvaret for sikring av miljøet langs kysten, har hittil hatt utgifter på 55 millionar kroner. Dette vil Kystverket ifølge beredskapsdirektør Johan Marius Ly vil krevja tilbake frå Forsvaret. Kystverket sitt krav skal vera inkludert i Sjøforsvaret sine totale anslag for kostnadene med arbeidet etter havariet med KNM Helge Ingstad.

I løpet av denne veka er planen å starta hevinga av vraket.

– Men dette er avhengig av gunstige verforhold, seier Stensønes. Han legg til at samla kostnader kan auka dersom vertilhøva fører til utsetjingar.

Torpedoar fjerna
Etter heving skal vraket etter planen fraktast til Sjøforsvaret sin hovudbase på Haakonsvern ved Bergen. Kor mykje av vraket som kan gjenbrukast, er førebels uvisst, seier sjefen for Sjøforsvaret.

I følge Stensønes er torpedoane, som var om bord i KNM Helge Ingstad, fjerna og sprengt.

– Rakettar er tatt i land. Resterande ammunisjon er det tryggast å la vera att om bord.

Kostnaden med bygging og utrusting av fregatten er blitt estimert til 4,5 milliarder kroner. Ifølge sjefen for Sjøforsvaret kan dei totale kostnadene delast med ca. femti prosent på sjølve skipet og maskineriet og den andre halvparten på våpen og elektronisk utstyr.

Interne granskingar
I tillegg til granskingane som Statens Havarikommisjon gjennomfører har Sjøforsvaret, sett ned si eiga granskingsgruppe, som i følge Stensønes skal vera ferdig med sin rapport før sommaren.

Kystverket har også sett i gong ei intern  gransking kor dei mellom anna ser på den rolla som trafikksentralen på Fedje spela då KNM Helge Ingstad kolliderte med oljetankskipet Sola. I følgje beredskapsdirektør Ly i Kystverket, vil rapport frå dette utvalet liggja føre om tre til fire veker.

Meir diesel om bord
Kystverket har henta ut 150 kubikkmeter marin diesel frå tankane om bord i fregatten. I tillegg er det ved hjelp av oljevernutstyr og aksjonar samla opp om lag 50 kubikkmeter. Men framleis er det både diesel og dieselhaldig vatn om bord i vraket.

– Det er uvisst kor mykje diesel og olje som er att i vraket, seier Kystverket sin beredskapsdirektør. Han legg til at Havforskingsinstituttet har fått i oppdrag å gjennomføra eit miljøovervakingsprogram i sjøområda nær vraket av KNM Helge Ingstad.

Med eller utan AIS?
Etter fregattforliset har det vore diskutert kor vidt Sjøforsvaret sine fartøy skal ha høve til å segla langs kysten utan at AIS-sendaren er påskrudd. Utan AIS (automatic identification system) vil fartøya ikkje kunne identifiserast på vanleg måte.

– Marinefartøy kan ikkje alltid segla med AIS på. Det er heilt nødvendig og ofte kunne segla utan. Men om balansen er riktig gjenstår å sjå, seier sjefen for Sjøforsvaret.

Beredskapsdirektøren i Kystverket seier at dette er noko Kystverket nå ser på.

– Utan at AIS er påskrudd skapar det utfordringar i eit samansett trafikkbilde. Kystverket er nå dialog med Sjøforsvaret om dette, seier Ly.

Thomas Førde

thomas[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler