Gjennombrot for miljøvenleg godstransport

Publisert: 24.09.2008 kl. 09.07 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.01

Rolls-Royce skal levere design og utstyr til to gassdrivne RoRo skip som markerer ein milepæl når det gjeld bruk av ny teknologi til miljøvennleg framdrift for handelsfartøy.

Sea-Cargo har kontrahert det som er verdas første fartøy med mekanisk framdriftssystem og naturgass som einaste drivstoff, basert på Rolls-Royce teknologi.

Ordren er eit stort gjennombrot for Rolls-Royce si løysing for bruk av naturgass som drivstoff for handelsfartøy. Eit viktig aspekt ved denne løysinga er ein kraftig reduksjon av utslepp samanlikna med liknande skip som brukar konvensjonelt drivstoff. CO2-utslepp vert redusert med rundt 20%, NOx-utslepp redusert med rundt 90%, nivå av partikkelutslepp er ubetydeleg samt at svoveloksyd-utslepp er fullstendig fjerna.

Fartøya skal inngå i ei ti-dagars servicerute mellom hamner i Noreg, Storbritannia og Baltikum, med gassbunkring på ein fast stad. Fartøya skal byggast ved Bharati Shipyard i India. Første skip skal leverast seint i 2010 og siste tidlig i 2011.

Ordren har ein verdi på ca 120 mil. NOK for Rolls-Royce, og inkluderer ein opsjon på ytterlegare to fartøy.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler