Godt resultat for Ulstein Group

Publisert: 13.05.2015 kl. 10.35 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
Gunvor Ulstein
Gunvor Ulstein


– Det er gledeleg å kunne levere gode tal for fjoråret. No går vi tøffare tider i møte, marknaden har falle og det vil bli stilt store krav til omstilling og endringsvilje, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i ei pressemelding og held fram:

– Vi kjem til å ha sterk fokus på prosjektleiing og auka produktivitet, samtidig som vi må tilpasse oss eit konkurransedyktig kostnadsnivå. Vidare vil vi halde fram med å satse på innovasjon innanfor konsernet sine produkt- og tenesteporteføljer.

Marknaden for design- og utstyrspakkar var god i 2014 og Ulstein inngjekk kontraktar på bygging av designa sine ved fleire verft rundt om i verda, og ved eige verft i Noreg. Ved utgangen av året hadde Ulstein Design & Solutions ei ordrebok på leveransar til 35 skip, fem vert bygde ved Ulstein Verft.

Ulstein Verft leverte mellom anna to prestisjeprosjekt i 2014. Polar Onyx vart levert i januar og Island Performer i juli. Begge fartøya er klassifiserte som neste generasjons konstruksjons-/subseafartøy, med ei rekkje sikrare, smartare og grønare løysingar.

– Høg kompetanse, lang erfaring og god prosjektstyring gjer det mogleg å levere skip av denne typen til rett tid, til avtalt kvalitet og pris, seier Ulstein.

Ulstein lanserte i 2014 X-Stern, ei ny utforming av skipet sin akterende. Eit skip med X-Stern kan halde posisjonen med akterenden mot bølgjer, vind og straum sjølv under tøffe vêrforhold. Ein kan til dømes plassere X-Stern i staden for X-Bow mot vêret dersom det er mest hensiktsmessig ut frå type operasjon. X-Stern er nominert til «The Next Generation Ship Award 2015». I 2014 vart det investert 184 millionar kroner på forsking og utvikling i Ulstein.

I januar i år signerte Ulstein kontrakt med Bernhard Schulte på to servicefartøy til offshorevindindustrien. Dette blir dei to første fartøya med den nye akterenden X-Stern og dei to første fartøya som blir bygd ved Ulstein Verft innan fornybar energi-segmentet.

Visekonsernsjef Tore Ulstein kommenterer: – Berekraftig vekst ligg til grunn for utviklinga vidare i Ulstein. Vi har tidlegare også utvikla og levert skipsdesign innanfor fornybar energi. Vi ser fram til å ta nye steg, kome med nye innovasjonar og bli ein endå viktigare aktør innan dette området.

Ved utgangen av 2014 var ordreboka på 2,70 milliardar kroner i Ulstein Group.

Ulstein Group sine hovudtal for 2014:

Driftsinntekter 2014: 2,70 milliardar kroner (2013: 2,30 mrd. kr)

Driftsresultat 2014: 184,1 millionar kroner (2013: 317,8 mill. kr)

Ordinært resultat før skatt 2014: 167,7 millionar kroner (2013: 360,8 mill. kr)

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler