Hammerfest, port til Barentshavet

Publisert: 12.09.2018 kl. 10.52
Hammerfest. Foto: Hammerfest Næringsforening
Hammerfest. Foto: Hammerfest Næringsforening
Hammerfest vil vera porten til Barentshavet og opplever sterk økonomisk oppsving frå olje- og gassindustrien.

Byen har auka folketalet frå 9000 til 10500 etter at olje- og gassindustrien gjorde sitt inntog. Først kom ilandføring av gass frå Snøhvit-feltet til LNG-anlegget på Melkøya og deretter utbygging av oljefeltet Goliat. Operatørselskapet på Goliat-feltet, Eni, har dessutan lagt driftsorganisasjonen til Hammerfest, som også har forsyningsbasar og helikoptertrafikk for produksjonsfelt og for leiteboring i Barentshavet.

Ifølge Espen Hansen, direktør i Hammerfest Næringsforening, skjedde det i Hammerfest-regionen ei verdiskaping på 2,1 milliardar kroner i tilknyting til olje- og gassindustrien i 2017.

Ny base
Hansen viser mellom anna til den store aktiviteten kring LNG-anlegget på Melkøya, som har fått utvida si oppetid og har besøk av mellom 60 og 70 tankskip årleg. Forsyning til verksemda på Goliat-feltet skjer frå Hammerfest. Byen, som lenge har hatt Norsea sin forsyningsbase, Polarbase, får i tillegg Asco sin nye base i Rypefjord. Denne skal kunne ta imot boreriggar for service og vedlikehald.  

– Framtidig leiteboring i Barentshavet vil dermed få ein viktig base i Hammerfest, seier Espen Hansen, som viser til at regionen har utvikla ei klynge av leverandørar som er blitt dyktige på ulike felt, seier han.

Modernisering
Næringsdirektøren peikar vidare på at heile byen er under modernisering og utvikling: nytt kulturhus er på plass, medan eit nytt sjukehus for Vest Finnmark er under planlegging og ny flyplass står høgt på ønskjelista.

– Ungdommar med utdanning fagbrev kjem heim att og får seg jobb. Folketalet vil i følgje prognosar auka til 12500 i 2040, seier Espen Hansen, som er særs optimistisk på regionen sine vegner.

Thomas Førde

thomas[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler