Hardhaus med batterihybrid framdrift

Publisert: 22.03.2018 kl. 14.17
Salt Ship Design og reiarlaget Hardhaus har jobba tett saman om den nye trålaren. Illustrasjonsbilde: Salt Ship Design
Salt Ship Design og reiarlaget Hardhaus har jobba tett saman om den nye trålaren. Illustrasjonsbilde: Salt Ship Design
Hardhaus AS og Salt Ship Design AS har det siste året hatt ein spanande utviklingsperiode, i arbeidet med reiarlagets nye fartøy. No er det klart at den 75 meter lange snurpar/trålaren skal byggjast ved tyrkiske Cemre Shipyard.

Med støtte frå Enova er det klart for ein ny, miljøvenleg Hardhaus med batteripakke, elektrisk dekksmaskineri og varmegjenvinning, heiter det i eit presseskriv.

Det er lagt særs mykje vekt på å optimalisere og utvikle eit energieffektivt skip. Skrogform og dimensjonar er blitt justert gjennom heile utviklingsfasen for å komme så nær det optimale som mogeleg. Reiarlaget har, forutan energisparing, fokusert på fribord, stabilitet, djupgåande og bevegelse. Modelltestprogrammet for nye Hardhaus er enno i startfasen, så utviklingsarbeidet kjem til å fortsetje ei tid framover.

Både mekanisk og dieselelektrisk

Skipet vil bli utrusta med elektrisk dekksutstyr. For å ta vare på og nytte den effekten vinsjane genererer, er skipet utstyrt med ein batteribank.
Batteribanken skal i tillegg brukast som ‘peak shaving’ for å oppnå best mogleg driftsforhold for dieselmotor, og dermed redusere forbruk, utslepp og slitasje. Skipet kan seile både mekanisk og diesel-/ batterielektrisk.
 
Enova
"For Salt Ship Design har det vore lærerikt og givande å jobbe med eit så dedikert og erfarent rederi, og det  er brukt mykje tid og ressursar på å skape eit nytt og betre fiskefartøydesign. Tiltaka med batteri og elektriske vinsjar kunne ikkje vore gjennomført utan god støtte frå Enova, som har vore ein viktig bidragsytar til prosjektet", slår designselskapet fast i pressemeldinga.

 

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler