Island Clipper er levert til reiarlaget

Publisert: 10.04.2015 kl. 06.20 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
Island Clipper
Island Clipper


I går, 9. april, tok Island Offshore levering av Island Clipper frå Vard Brevik.

Dette er det ellevte systerskipet i rekkja av typen UT 776, designa av Rolls-Royce, og det 25 fartøyet levert frå Vard Brevik til Island Offshore.

Island Clipper vart døypt under ein seremoni ved verftet i november, saman med systerskipet Island Condor. Gudmor Laila Bjerke tok turen til Brevik for overleveringa, og fekk utføre flaggskiftet etter at alle papir var signerte.

Island Clipper skal utføre tenester som frakt av rør og generell dekkslast, sement/baritt samt flytande last til og frå offshoreinstallasjonar. I tillegg er dette fartøyet utstyrt med "special product" tankar, og kan nyttast til frakt av ulike kjemikaliar. Island Clipper er også forberedtfor oljeoppsamling- og stand-by jobbar. Som den einaste av systerskipa er Island Clipper også arrangert for operasjon i kalde strok og innehar "DEICE"-klasse.

Island Clipper har ei lengd på 97 meter, ei breidde på 20 meter, og eit dekksareal på drøye 1.000 m2. Fartøyet har også ei ekstra godt støyisolert innreiing med einmannslugarar til eit mannskap på 41.

Island Clipper vert flagga til NOR.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler