Island Commander i opplag

Publisert: 27.11.2015 kl. 10.38 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
Island Commander
Island Commander


Island Offshore har beslutta å leggje plattformforsyningsskipet Island Commander i opplag i Ulsteinvik. Fartøyet har vore tilbydd i spotmarknaden sidan i sommar, men ikkje fått tilslag på oppdrag sidan starten av september.

– Marknaden for PSV'ar har utvikla seg negativt gjennom hausten, og det er trist å sjå at dette fantastiske fartøyet ikkje får oppdrag. Vi ser no ingen annan utveg enn å ta Island Commander ut av drift, seier administrerande direktør Håvard Ulstein.

Island Commander vil framleis bli tilbydd markedet på lengre oppdrag, og vil bli sett i drift dersom båten får kontrakt.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler