Island Frontier avsluttar Equinor-kontrakt

Publisert: 23.09.2019 kl. 15.45
Island Frontier markerte starten for Island Offshore som rederi. Foto: Island Offshore
Island Frontier markerte starten for Island Offshore som rederi. Foto: Island Offshore
Island Frontier er inne i sin siste månad i drift som brønnintervensjonsfartøy for Equinor på norsk sokkel, og er utan arbeid etter 17. oktober i år.

Fartøyet som markerte starten for Island Offshore som rederi, har vore på kontrakt for Equinor sidan 2006. Etter 13 år med god og effektiv drift er det altså slutt, heiter det i eit presseskriv frå reiarlaget. Maritimt Magasin sin omtale av skipet, då det vart levert i 2003, kan du lese her.

– Vi er evig takknemlege for den innsatsen mannskapet vårt har lagt ned alle desse åra, og det er veldig synd at vi ikkje lukkast med å forlenge kontrakta med Equinor. Fartøyet har bidrege til ei betydeleg verdiskaping for kunden gjennom mange år, seier administrerande direktør i Island Offshore, Tommy Walaunet.

Drøftingar med dei tillitsvalde er difor gjennomførte med hensyn til konsekvensar for dei tilsette, står det i pressemeldinga.

– Grunna avslutta kontrakt for Island Frontier og arbeidssituasjonen elles, ser vi ikkje annan utveg enn å legge fartøyet i opplag og iverksette bemanningsreduksjonar for å tilpasse drift og kostnadar. Vi synes det er forferdeleg trist å måtte la kompetente tilsette og gode kollegaer gå, men dagens situasjon er dessverre ikkje forbigåande og gir difor ikkje grunnlag for permitteringar på Island Frontier. Oppsigelsar er dessverre einaste alternativ. Det er eit paradoks at dette skjer no når marknaden generelt er i betring, seier Walaunet.

Han legger til: 
– Vi har sjølvsagt ambisjonar om å skaffe vidare arbeid for Island Frontier, og vi ser difor mot nye operasjonsområder for fartøyet. Dette er likevel venta å ta tid og langsiktig opplag må påreknast.

Antal tilsette som vil verte råka er enno ikkje avklart.

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler