Island Offshore bestiller kjempeskip

Publisert: 27.01.2014 kl. 08.57 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
Island Navigator
Island Navigator


Island Offshore offentleggjer i dag at dei har signert kontrakt med Kawasaki Heavy Industries i Japan, om bygging av eit nytt stort offshorefartøy. Fartøyet vert heile 169 meter langt, og skal nyttast til subseaoperasjonar inkludert toppholsboring, med moglegheit for omgjering til lett brønnintervensjon (LWI) seinare. Dette vert det største fartøyet i Island Offshore sin flåte.

Det er Rolls-Royce sitt designteam i Ulsteinvik som har designa fartøyet i tett samarbeid med rederiet, og designtypen har fått kjenneteiknet UT 777. Island Navigator som fartøyet skal heite, vert bygd etter Mobile Offshore Unit- forskrifter, og vert difor for ei flyttbar innretning å rekne.

–  I designfasen har vi lagt vekt på utforming av skrog samt val av utstyr som vil gjere Island Navigator optimal for subsea operasjonar. Island Offshore har snart ti års erfaring med liknande innretningar, og no går vi eit steg vidare og etablerer oss på marknaden for toppholsboring, seier Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore.

Det skreddarsydde designet er utstyrt med eit karakteristisk innebygd tårn som skal sikre eit trygt og behageleg arbeidsmiljø under operasjon i tøffe vermessige forhold i Nordsjøen og i nordområda. Fartøyet er også utstyrt med høgste klasse dynamisk posisjonering, og innehar isklasse (ICE- 1B).

Finansieringa av prosjektet er snart på plass, og forventa tidspunkt for leveranse er våren 2017.

Island Offshore har ei av verdas mest moderne offshoreflåter, fordelt på plattformforsyningsfartøy, ankerhandteringsfartøy, brønnintervensjonsfartøy, subsea konstruksjonsfartøy og brønnstimuleringsfartøy.

Når nybyggingsprogrammet er ferdig tel flåten 30 fartøy.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler