Island Offshore bygger på Ulstein

Publisert: 20.12.2012 kl. 11.10 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
Island Performer
Island Performer


Ulstein har inngått kontrakt med Island Offshore og deira amerikanske partnar Edison Chouest Offshore på levering av eit multifunksjonelt offshore-fartøy basert på Ulstein sin design SX121, med opsjon på ytterlegare eitt fartøy. Skipet er førebudd og spesialisert for operasjonar innan Well Intervention- (brønnintervensjon), IMR- og SURF-segmenta, og stettar dei nyaste krava til både brønnintervensjon og offshore konstruksjonsoppgåver. Nybygget er planlagt for levering i mai 2014.

– Det er svært gledeleg at Island Offshore kjem tilbake og bestiller endå eit avansert offshorekonstruksjonsfartøy. Vi skal gjere vårt beste for å levere eit kvalitetsskip som reiarlaget kan nyte godt av i mange år framover, seier Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group.

– Vi ser fram til å få dette fartøyet inn i flåten vår. Samarbeidet på tidlegare byggeprosjekt har vore godt, og vi gleder oss til å jobbe saman med Ulstein for å bygge dette multifunksjonelle fartøyet, seier Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore.

Skipet er basert på den velprøvde og solide SX121-designen som Ulstein har bygd fem av tidlegare. Fartøyet er spesialtilpassa til Island Offshore sine ynske og funksjonskrav, som er baserte på reiarlaget sine erfaringar frå den type operasjonar fartøyet skal utføre. Det 130 meter lange og 25 meter breie skipet får høgaste klasse for dynamisk posisjonering (DP3), og blir utstyrt for å kunne utføre oppdrag på installasjonar nede på 3000 meters havdjupne. I tillegg til å kunne riggast for brønnintervensjon, så er skipet førebudd for alternativt å kunne legge fleksible rør og kablar på havbotnen gjennom eit VLS-tårn (vertical lay system), og det har òg plass til ein roterande karusell under dekk som lastar 2500 tonn.

Ei stor hivkompensert (AHC) offshorekran med kapasitet på 250 tonn ved 14 meter arm vert sett om bord, og vinsjen til krana vert plassert under dekk. Der er også to djupvass arbeids-ROV-ar (undervassrobotar), den eine skal settast ut på styrbord side, og den andre gjennom ein eigen moon pool. Skipet har eit stort lastedekk for å kunne ha med seg utrusting for ulike oppdrag. Skipet skal ha dieselelektrisk framdrift med tre azimuth-hovudthrusterar, og kraftverket består av seks store generatorsett.

Skipet har lugarkapasitet for 130 personar og vert bygd etter dei siste internasjonale miljø- og sikkerheitskrava. Skipet tilfredsstiller også dei aller strengaste HMS-krava på norsk sokkel, og stettar krava i innretningsforskrifta for flytande olje- og gassinstallasjonar. Skipet vil gjennom dette også oppfylle ESD-krava (Emergency Shut-Down). I tilfelle evakuering kan kvar av dei to livbåtane på høvesvis babord og styrbord side romme heile mannskapet.

Island Offshore har frå før fire skip leverte frå Ulstein: Brønnstimuleringsfartøyet Island Patriot, subsea konstruksjonsfartøyet Island Pioneer, og subsea konstruksjons- og intervensjonsfartøya Island Constructor og Island Intervention. Dei to sistnemnde er også av designen SX121.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler