Island Offshore legg skip i opplag

Publisert: 21.05.2015 kl. 09.42 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
Island Dawn. Foto: GTS
Island Dawn. Foto: GTS


Island Offshore har med bakgrunn i marknadssituasjonen beslutta å legge plattformsupplyskipet Island Dawn i opplag med umiddelbar virkning. Island Dawn har etter levering i januar i fjor operert i spotmarknaden, og vert no henta tilbake til Ulsteinvik på ubestemt tid.

– Det er eit tungt val å ta å måtte legge nok ein båt i opplag, men med dagens rater  forsvarar det seg ikkje å halde båten i operasjon. Vi håper å permittere eit begrensa antal i rederiet, og prøver i det lengste å unngå oppsigelsar ved å flytte dei tilsette over på andre fartøy, seier administrerande direktør Håvard Ulstein i ei pressemelding.

Rederiet er i dialog med dei tillitsvalde i denne prosessen.

Island Dawn vert med dette det tredje Island Offshore-fartøyet i opplag. Frå før er søsterskipa Island Duke og Island Duchess lagt i bøya.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler