Island Offshore med Titanic-avtale

Publisert: 27.04.2017 kl. 15.16
Island Crown i arbeid for Bluestream på Nordsee One Windpark i slutten av mars. Foto: Bluestream
Island Crown i arbeid for Bluestream på Nordsee One Windpark i slutten av mars. Foto: Bluestream
Island Offshore har inngått avtale med OceanGate Expeditions om å bruke Island Crown som støttefartøy under ein planlagd djupvassekspedisjon neste år- den første bemanna kartleggingsekspedisjonen av Titanic sidan 2005.

Det er rederiet sjølv som opplyser dette i ei pressemelding.

Oppdraget vil ha ei varigheit på ti veker for Island Crown frå slutten av mai 2018, då fartøyet vil legge ut frå St. John’s, Newfoundland, med operasjonsbesetninga for ekspedisjonen om bord.

Vitskapsmenn, innhaldsekspertar og spesialistar på undervassoppdrag vil verte frakta ut med helikopter for kvart ekspedisjonsoppdrag som varer om lag ei veke. Det er 20 personar med i ekspedisjonsteamet til ei kvar tid, inkludert undervasspilotar og operasjonsbesetning. Island Crown skal vere overflatefartøy  og «base camp» og syte for husrom for ekspedisjonsdeltakarane heile ekspedisjonen gjennom.
 
– Dette er eit spesielt prosjekt som vi ikkje kunne takke nei til. Samstundes skil det seg ikkje så mykje frå oppdrag i offshorebransjen - Island Crown skal gjere det ho kan best; frakte folk og utstyr, og ta vare på klientane om bord. Vi er glade for å ha sikra arbeid for fartøyet for sommarmånadane neste år, seier administrerande direktør i Island Offshore Management AS, Håvard Ulstein.

Island Crown har også sikra seg arbeid for vår og sommar i inneverande år. Fartøyet har nett avslutta ein månadslang walk-to-work jobb for Bluestream på Nordsee One Windpark, og har denne veka starta på oppdraget for nederlandske Van Oord i same vindmøllepark. Fartøyet har arbeid fram mot slutten av september i år.

Island Crown er ein subseakonstruksjonsbåt som sidan levering frå verft i 2013 hovedsakleg har jobba med walk-to-work arbeid på olje-, gass- og vindinstallasjonar. Fartøyet er 96,8 meter langt, 20 meter breiddt, og har plass til ei besetning på 100 personar om bord. Island Crown er utstyrt med gangvegsystem, subseakran og helikopterdekk, har stor tankkapasitet og eit dekksareal på 561 kvadratmeter.


Titanic ligg på 3800 meters djupne, og færre enn 200 personar har inspisert vraket sidan det sakk for 105 år sidan, heiter det i pressemeldinga. For å kome til vraket har OceanGate fått laga eit undervassfartøy, Cyclops2, i karbonfiber og titan som vil ta ei besetning på fem personar ned mot 4000 meter.
 
Vraket har blitt eit minnesmerke over alle dei som omkom i forliset, og av respekt for desse og etterkomarane vil det ikkje bli tatt opp gjenstandar og vrakdelar frå Titanic. Retningsliner frå UNESCO for vern av verdsarvstadar under vatn legg føringane for ekspedisjonen.
 
Ekspedisjonsteamet skal i tråd med dette nytte det siste av undervass avbildingsteknologi med blant anna bruk av laser og sonar, til å vurdere tilstanden til skipsvraket og dokumentere kulturgjenstandar i området rundt. Ekspertar frå the Advanced Imaging and Visualization Laboratory (AIVL) ved Woods Hole Oceanographic Institute er samarbeidspartnar i prosjektet, og skal lage 3D fotografiske modellar av vraket ut frå avfotograferingane. Dette for å tette kunnskapsgapet om vraket, og for å sjå kva som må til for å bevare og beskytte denne verdsarvstaden for framtida.
 

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler