Island Offshore og TechnipFMC i samarbeid

Publisert: 02.02.2018 kl. 08.24
Illustrasjonsbilde: Forsyningsskipet Island Clipper, levert fra Vard Brevik i 2015. Foto: Gunder T. Sandersen
Illustrasjonsbilde: Forsyningsskipet Island Clipper, levert fra Vard Brevik i 2015. Foto: Gunder T. Sandersen
Island Offshore og TechnipFMC inngår strategisk samarbeidsavtale innan lett brønnintervensjon.

Dei to selskapa har signert ei strategisk samarbeidsavtale for leveransar av lett brønnintervensjonstenester (LWI) verda over, meldes det i eit presseskriv.

Aksjemajoritet i IOSS
TechnipFMC kjøper samstundes majoriteten av aksjane  i Island Offshore Subsea AS (IOSS), eit heilleigd dotterselskap av Island Offshore Management AS. IOSS held til i Stavanger, og leverer LWI prosjektledelse og operasjon, engineeringstenester for plugging av brønnar, kveilerørsteknologi og brønnkompletteringsoperasjonar. Omlag 80 personar har sitt daglege virke i denne organisasjonen.

– Vi har hatt eit fruktbart samarbeid med TechnipFMC over fleire år, og vi ser no at ei enda tettare integrering av selskapa og tenestene våre er rett for å kunne utvikle og styrkje posisjonen vår innan lett brønnintervensjon, både i Noreg og internasjonalt, seier Morten Ulstein, styreformann i Island Offshore-gruppa.

Utvidar tenestespekteret
IOSS har utvikla patentbeskytta design relatert til plugging av subseabrønnar (P&A) og kveilerørsteknologi. Gjennom det strategiske samarbeidet og kjøpet av aksjemajoriteten, vil Island Offshore Subsea AS utvide tenestespekteret til også å inkludere TechnipFMC sine tenester innan lett brønnintervensjon verda over. Selskapet vil i tillegg tilby prosjektering og engineeringstenester, samt vere ansvarleg for forretningsutvikling og teknisk sal av LWI-tenester.

– Vi er no i stand til å levere komplette brønnintervensjonstenester til alle marknader globalt. Så langt har samarbeidet med Island Offshore ført til vesentleg betring i produksjonen for meir enn 300 subseabrønnar, og vi er no klare til å ta dette eit steg vidare, seier Hallvard Hasselknippe, President, Subsea Projects hjå TechnipFMC.

 

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler