Island Performer levert frå Ulstein

Publisert: 08.07.2014 kl. 10.52 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
Island Performer
Island Performer


Ulstein Verft sitt subsea-nybygg, Island Performer, vart levert i dag til reiarlaget Island Offshore. Det fleksible fartøyet er spesialtilpassa for eit femårig oppdrag for FTO i Mexicogolfen.

– Fartøyet er tilpassa dei oppgåvene det skal utføre i kontrakten med FTO, der RLWI (boring utan stigerør/lett brønnintervensjon) og IMR (kontroll/vedlikehald/reparasjon) er dei viktigaste oppgåvene. Skipet er i stand til å utføre operasjonar på djupner ned til 3.000 meter, og den kontraktsfesta oppstarten er ved årsskiftet, seier administrerande direktør Håvard Ulstein i Island Offshore.

– Det første oppdraget for skipet vert her i Noreg, i samband med at det skal gjerast undersøkingar av havbotnen for RogFast, fastlandssambandet mellom Haugesund og Stavanger.

–  Eit stort intervensjonstårn er installert over den 8 gongar 8 meter store hovudmoonpoolen. Skipet er utstyrt med ei 250-tonns AHC (aktiv hivkompensert) offshorekran med ein vinsj under dekk. Vidare har det to fjernstyrte miniubåtar (ROV) for arbeid på djupt vatn, den eine for å sette ned gjennom ein eigen moonpool og den andre for å sette ut frå styrbord side, forklarar Ulstein.

Island Performer er neste generasjons subseafartøy frå Ulstein, med stor lagrings- og løftekapasitet. Skipet tilfredsstiller dei høgaste standardar mellom anna for dynamisk posisjonering (DP = evne til å halde ein fast posisjon) og redundans (oppretthalden funksjonsevne ved alvorleg feil). Skipet har DNV GL sin høgaste klassenotasjon DYNPOS AUTRO. Dei to DP-sonene har kvar sine maskinrom med flaum- og brannsikre skott mellom. «Operation+», eit 3-splitta systemoppsett for hovudmaskineriet, gjer at skipet kan oppretthalde systemintegritet og halde fram med arbeidet utan å avbryte sjølv ved ein vesentleg feil når skipet vert operert i DNV GL sin nest høgaste DP-notasjon, DYNPOS AUTR.

Hovuddata:

• SX121-DESIGN    

• Største lengd: 130,0 meter

• Breidde: 25,0 meter

• Dødvekt med tårnet montert: 7.300 tonn

• Prøveturhastigheit: 15,25 knop

• Innreiing: 130 personar

• Skinnesystem på overbygd dekk: 100 tonn

• Hovud-moonpool: 8,0 meterx8,0 meter

• ROV-moonpool: 4,9 meterx4,9 meter

• 300 tonn SWL modulhandterings-/intervensjonstårn

• 250 tonn AHC offshorekran med hovudvinsj under dekk

• 2 arbeids-ROV-ar for djupvassarbeid med LARS-system (launch and recovery system), den eine ROV-en for utsetting over skutesida på styrbord side, den andre gjennom moonpool

• Dynamisk posisjoneringssystem DNV AUTRO (IMO-klasse III/DP3)

• Integrert brusystem

• Elektrisk utstyr, Ulstein-leveranse: Tavler, Ulstein COM-kommunikasjonssystem

• Ulstein X-Bow-skroglinjedesign

Les meir om Island Performer i Maritimt Magasin nr. 8/14 som er få kjøpt frå 21. august.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler