Island Spirit i vinteropplag

Publisert: 02.11.2015 kl. 08.16 | Oppdatert: 16.10.2016 kl. 12.22
Island Spirit
Island Spirit


Island Offshore har beslutta å legge ROV-støttefartøyet Island Spirit i vinteropplag i Ulsteinvik dei neste månadane. Island Spirit driv hovudsakleg med undervassreparasjonar, og aktiviteten er venta å gå betraktelig ned gjennom vinterhalvåret.

 

– Vi jobbar med å omplassere noko av mannskapet, men nokre permitteringar blir det dessverre. Håpet er å kunne sette båten i drift att på nyåret med same mannskapet om bord, seier Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore Management AS.

 

Island Offshore har med dette seks fartøy i opplag: Tre plattform forsyningsfartøy (PSV), to lett brønnintervensjonsfartøy (RLWI) og eit ROV-støttefartøy.

Kim Idar Giske

kim[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler