Island Victory sette ny rekord

Publisert: 12.11.2019 kl. 15.45 | Oppdatert: 14.11.2019 kl. 13.47
Island Victory nærmar seg levering, ifølge reiarlaget. Foto: Vard/Island Offshore
Island Victory nærmar seg levering, ifølge reiarlaget. Foto: Vard/Island Offshore
Offshore installasjonsskipet Island Victory slo denne veka alle rekordar i slepekraft, heiter det i ei melding frå Island Offshore.

Under ein såkalla bollard pull test ved Vard vart det målt ein slepekraft på heile 477 tonn -  med andre ord ein kraftig plugg av eit fartøy. Neste på lista for denne typen fartøy, målte ei slepekraft på 423 tonn ved levering.

– Vi hadde forventa at Island Victory ville vise krefter, men 477 tonn var meir enn vi kunne håpe på! Dette er ein båt som vil kunne slepe tungt, installere utstyr på store havdjup og i tillegg ha plass til heile ankersystem på dekk. No ser vi fram til levering, slik at vi med rette kan presentere denne flotte skuta og alle kapasitetane hennar for kundane våre, seier administrerande direktør Tommy Walaunet i Island Offshore.

Island Victory er eit multifunksjonsfartøy som kan brukast både til prelegging av ankersystem, installasjon av subseautstyr på havbotnen, vedlikehald av brønnar, vanleg ankerhandtering, installasjon av offshore vindmøller, med meir. Skipet blei bestilt tilbake i 2014. Designet er av type UT 797 CX frå Kongsberg Maritime.

Lengda er på rundt 123 meter, breidda på 25 meter, og dekksarealet er på 1100 kvadratmeter. Mellom utstyret er ei 250 tonns offshorekran og to ROV-ar, stor moonpool og innredning for 110 personar.

Fartøyet er bygd ved Vard Brevik, og vert no testa og klargjort for levering ved Vard Langsten. Island Victory skal vere klar for levering i januar 2020.

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler