Juanita kåret til Årets skip

Publisert: 20.02.2015 kl. 08.01 | Oppdatert: 16.10.2016 kl. 12.22
Juanita
Juanita


Juanita, levert frå Kleven Verft i mai 2014, vart onsdag utropt til «Årets offshore support-fartøy» på den årlege offshorekonferansen i London. Prisen vart utdelt til reiarlaget Ugland Offshore, designselskapet Salt Ship Design og byggeverftet Kleven Verft. Det er det internasjonale bransjemagasinet Offshore Support Journal som ståJuanita, levert frå Kleven Verft i mai 2014, vart i går utropt til «Årets offshore support-fartøy» på den årlege offshorekonferansen i London. Prisen vart utdelt til reiarlaget Ugland Offshore, designselskapet Salt Ship Design og byggeverftet Kleven Verft. Det er det internasjonale bransjemagasinet Offshore Support Journal som står bak kåringa.

– Det 88,9 meter lange skipet er av eit ekstremt innovativt design, med innovative løysingar for blant anna framdrift og lasthandtering. Det er mange nye design som vert kalla «unike», men Ugland Offshore sitt nye fartøy Juanita er verkeleg ulik alle andre av denne typen fartøy. Den har ei ny type propellsystem, og cargopumper som set det i stand til å frakte større mengder av dei kjemikaliane som olje- og gassplattformer treng i aukande grad. Sjølv om Juanita ikkje skil seg frå andre liknande offshorefartøy ved første augekast, så er skil den seg betydeleg under vannlinja, med blant anna to kontraroterande propellar som begge vert drivne av ein permanentmagnetmotor, og ei spesielt fleksibel cargohandteringsløysing, skriv juryen i sin begrunnelse.

Skipet har sidan levering frå Kleven Verft vore i oppdrag for Statoil.

Kim Idar Giske

kim[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler