Kontrakt til Blue Guardian

Publisert: 21.06.2013 kl. 11.43 | Oppdatert: 18.10.2016 kl. 07.36
Blue Guardian
Blue Guardian


Byggnummer 298 frå Ulstein, Blue Guardian, eit plattform forsyningsfartøy av Ulstein  PX121-designen, har fått kontrakt på å vere støttefartøy til jack-up-riggen Mærsk Giant, som skal jobbe på to ulike brønnar på norsk sokkel i Nordsjøen. Kontraktane er inngått med høvesvis Det norske oljeselskap ASA og Repsol Exploration, og har ei estimert totallengd på fire månader.

Blue Guardian er snart ferdigstilt, med ei planlagt levering frå Ulstein Verft i slutten av månaden. Estimert oppstart på kontraktsarbeidet er sett til midten av juli. Skipet er eigd av Blue Ship Invest, og vil bli drifta av Remøy Shipping.

PX121-designen har synt seg å vere svært ettertrakta i marknaden, og samtlege av dei fire tidlegare leverte skipa for Blue Ship Invest har gått inn på faste kontraktar.

Kim Idar Giske

kim[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler