Leverer framdrift til heilelektrisk cruisebåt

Publisert: 04.12.2018 kl. 09.19
Future of The Fjords var den førre battericruisebåten frå Brødrene Aa. Den vart omtala i Maritimt Magasin nr. 6 2018. Foto: Brødrene Aa
Future of The Fjords var den førre battericruisebåten frå Brødrene Aa. Den vart omtala i Maritimt Magasin nr. 6 2018. Foto: Brødrene Aa
The Fjords har nok ein gang valt framdriftsløysing frå Servogear når dei skal byggje eit nytt fartøy i deira serie av miljøvennlege cruisebåtar, heiter det i ei pressemelding. Legacy of The Fjords skal gå tilnærma lydlaust på batteri på Oslofjorden frå summaren 2019.

– I Servogear er me utruleg nøgde med denne kontrakten på gir og propellanlegg til Legacy of The Fjords, som syner at me har den teknologien som trengst for å gjera nærskipsfarten grønare. Me sette stor pris på at me fekk levera til Future of The Fjords, og at me no får ein ny sjanse, ser me på som ei tillitserklæring frå både reiarlag og verft, seier dagleg leiar Torleif Stokke i Servogear.

Den nye kontrakten med verftet Brødrene Aa i Hyen vart signert i fjerde kvartal 2018 og inneber at Servogear skal levera ei framdriftsløysing til det heilelektriske fartøyet.

– Eg håpar kontrakten stadfester at dei er nøgde med ytingane til framdriftsteknologien vår og med samarbeidet elles. Me ser fram til å komma i gong med «Legacy of The Fjords», for me treng fleire grøne fartøy på sjøen, seier Stokke i meldinga.

Krevjande installasjon

Leveransen vert tilnærma den same som til det førre elektriske cruisefartøyet til The Fjords. Det vil seie vridbare propellar, akslingar, brakettar, propellartunnelar og girboksar. Installasjonen skjer våren 2019 hos Brødrene Aa, som er verdskjent for sine lettvekts hurtigbåtar bygd i karbonfiber.

– Me har god erfaring med Servogear etter å ha jobba tett saman i nærare 40 år. Sjølv om fartøyet ikkje skal gå i meir enn 20 knop, er Servogear sin erfaring med hurtigbåtar viktig. Det er ein krevjande installasjon med tøffe krav til yting i høve til effekt, seier dagleg leiar i Brødrene Aa, Tor Øivin Aa. Han meiner det vert ei stor oppleving for innbyggjarar og turistar i Oslo å få koma om bord i eit fartøy utan motorstøy og med minimal støy frå propellane.

– Støynivået må vera lågast mogleg, og me er nøgde med å ha klart dei strenge krava frå reiarlaget på Future of The Fjords. Når propellane er den siste kjelda til støy, må designen vera så optimal som mogleg. Me ser fram til å oppnå dei same gode resultata saman med Servogear også på Legacy of The Fjords, seier Aa.

 

Folk ynskjer grøne fartøy

Når Legacy of The Fjords settast i drift på Oslofjorden i 2019, vert det det tredje fartøyet i serien av miljøvennlege fartøy frå The Fjords. Forløparane, hybride Vision of The Fjords (2016) og heilelektriske Future of The Fjords (2018), vart begge kåra til «Ship of the Year». Begge går i turisttrafikk mellom Flåm og Gudvangen i Sogn og Fjordane. Akkurat no går Vision of The Fjords som julebåt mellom Oslo sentrum og «julebyen» Drøbak.

– Me er stolte over å kunne ta det utsleppsfrie cruisekonseptet vårt til Oslo, der enno fleire får glede av desse fartøya. Suksessen med Vision of The Fjords i haust, tyder på at også osloborgarane set pris på å reisa miljøvennleg, med låge utslepp og lite støy, i fartøy med spektakulær design, seier dagleg leiar i The Fjords, Rolf Sandvik.


Lette valg 

Westcon Power and Automation skal nok ein gong levera kraftsystemet om bord, og The Fjords var ikkje i tvil om at dei ville kombinera dette med framdriftsløysinga til Servogear også denne gangen.

– Da me ga Brødrene Aa kontrakten på Future of The Fjords hadde me berre eitt namn på vår «maker’s list,» og det var Servogear. Me har valt Servogear på grunn av driftstryggleik og driftsøkonomi. Dei var med på å gjera store forbetringar i drivlina på det førre fartøyet, og me er svært nøgde med ytingane til framdriftssystemet. Det var difor heilt naturleg å gi Servogear sjansen att. Med deira gir og propellanlegg treng me mindre energi for å flytta fartøyet, noko som aukar rekkjevidda for batteria, seier Rolf Sandvik.

 

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler