For mange ulukker til sjøs

Publisert: 25.09.2019 kl. 13.54
Konstituert sjøfartsdirektør Lars Alvestad opnar den årvisse sjøtryggleikskonferansen i Haugesund. Foto: Thomas Førde
Konstituert sjøfartsdirektør Lars Alvestad opnar den årvisse sjøtryggleikskonferansen i Haugesund. Foto: Thomas Førde
Dei siste ti åra har 107 menneske mista livet som følgje av ulukker om bord i norske næringsfartøy. I tillegg har 209 mista livet i løpet av dei siste sju åra ved bruk av fritidsfartøy i Norge.

Dette er delar av den dystre statistikken som blei presentert under opninga av Sjøsikkerhetskonferansen som Sjøfartsdirektoratet arrangerer i Haugesund denne veka.
Det gledelege er at talet på alvorlege ulukker går ned og at det er 10 år sidan Norge opplevde ei stor ulykke med fleire omkomne.

Men seniorrådgivar Vegar Berntsen viste til at det er 26.000 sjøfolk på norskregisterte skip, medan norsk arbeidsliv på land sysselset 2,6 millionar menneske. I 2017 skjedde det sju dødsfall til sjøs på norske skip, medan 27 dødsulukker skjedde i norsk arbeidsliv på land. Dette tyder at i høve til talet på sysselsette er det 27 gonger fleire dødsulukker blant sjøfolk enn blant dei som arbeider på land.

Konstituert sjøfartsdirektør Lars Alvestad peika under opninga av konferansen på at ulukkestalet i fritidsflåten også må ned.
– Her opplever me diverre ein auke i talet på dødsulukker i år, etter at ulukkestalet gjekk ned i fjor, seier Alvestad.

Fokus på miljø i 2020

I dei siste åra har Sjøfartsdirektoratet valt seg ut særlege fokusområde for best mogeleg å førebyggja ulukker.
– Gjennom denne måten å arbeida på, får me best effekt i høve til den samla ressursinnsatsen som me set inn i arbeidet, seier sjøfartsdirektøren.

For neste år har direktoratet blinka ut miljø som fokusområde. Det tyder at til neste år blir det vidareføring av same fokusområde som i 2019.

– Det er fleire grunnar til at me har valt å vidareføra innsatsen på miljøsida, seier Alvestad, som peikar på at godt miljøarbeid tar tid å gjennomføra.
– Fleire av tiltaka som Sjøfartsdirektoratet arbeider med er knytt til regelverksarbeid. Me treng tilstrekkeleg tid for å sikra best mogeleg gjennomføring, seier sjøfartsdirektøren.

– Sjå på direktoratet sine temasider på internett og finn fram dei digitale kampanjesjekklistene for miljø, er seniorrådgivar Vegar Berntsen si oppmoding til sjøfolk og skipseigarar.
– Bruk desse og gå over skipet sjølv. Da er du godt førebudd når inspektørane frå direktoratet kjem på besøk bord, seier Berntsen.

Vekst i norsk skipsfart
Ved opninga av den årvisse sjøtryggleikskonferansen kunne næringa gle seg over at talet på skip under norsk flagg aukar. Ferske tal frå Sjøfartsdirektoratet viser at Norsk Internasjonalt skipsregister, NIS, nå har 648 registrerte fartøy. Dette er ein auke med 33 fartøy sidan årsskiftet 2018/2019.

Det ordinære norske skipsregisteret, NOR, har nå 11 362 innmeldte næringsfartøy.

Talet på deltakarar under årets sjøsikkerhetskonferanse har også auka og er denne gongen 270. Aldri før har konferansen hatt så mange deltakarar.

Thomas Førde

thomas[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler