Myklebust Verft oppgraderer AKOFS Seafarer

Publisert: 12.02.2019 kl. 13.57
For tre år sidan gjennomførte AKOFS ei større ombygging av AKER Wayfarer hos Myklebust Verft. Arkivfoto: Myklebust Verft
For tre år sidan gjennomførte AKOFS ei større ombygging av AKER Wayfarer hos Myklebust Verft. Arkivfoto: Myklebust Verft
Myklebust Verft har inngått kontrakt med AKOFS Offshore om ei større oppgradering av brønnintervensjonsfartøyet AKOFS Seafarer. Etter planen skal fartøyet kome til verftet i mai og størstedelen av arbeidet frå verftet si side skal vere utført innan oktober 2019.

– Dette er ein gledens og historisk dag for alle våre tilsette, seier dagleg leiar i Myklebust Verft, Inge-Jonny Hide.

Kontrakten er det største ombyggingsoppdraget verftet har vunne nokon sinne, heiter det i ei pressemelding. Dette er også det første, store prosjektet som verftet får inn i ordreboka etter at Myklebust og Kleven skilde lag.

Positive ringverknadar 
– Oppdraget vil ha stor sysselsettingseffekt både for eigen arbeidsstokk og for ei rekkje underleverandørar. Vi kjenner AKOFS Offshore frå eit større oppdrag som vi leverte for tre år sidan. Den gong gjaldt det eit liknande fartøy, AKER Wayfarer. At dei no vel å kome tilbake til oss er ei solid tilbakemelding til alle våre tilsette og våre samarbeidspartnarar som jobbar her. Straks bakarane har klar kakene blir det kontraktsfeiring på verftet, lovar verftsleiaren.

Skipet klar til dyst i 2020
Det var i juni 2018 meldinga kom om at AKOFS Offshore hadde vunne ei fem år lang kontrakt med Equinor der AKOFS Seafarer skal utføre lette brønnintervensjonsoppdrag på den norske kontinentalsokkelen. Fartøyet skal vere klart til operasjon i løpet av første kvartal 2020.

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler