Myklebust Verft skal bygge spansk trålar

Publisert: 18.03.2016 kl. 16.00 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 16.59
NVC 374 WP
NVC 374 WP


Kleven har inngått kontrakt med spanske Pesquera Ancora S.L.U. om bygging av ein 80 meter lang hekktrålar. Fartøyet er av NVC 374 WP-design frå Rolls-Royce, og skal leverast frå Myklebust Verft i februar 2018.

– Det er svært hyggeleg og veldig viktig at vi no har fått på plass enda ein fiskebåtkontrakt på Myklebust Verft. Kontrakten stadfestar at vi er konkurransedyktige i ein svært tøff konkurransesituasjon internasjonalt, og det at eit spanske reiarlag kjem til Noreg for å bygge fiskebåt er i seg sjølv oppsiktsvekkande, seier konsernsjef Ståle Rasmussen.

Myklebust Verft har med dette fire nybygg av samme Rolls-Royce-design i ordreboka; to til DFFU i Tyskland, eit til CDP Saint-Malo & Euronor i Frankrike, og no altså eit til Pesquera Ancora i Spania. I tillegg har verftet to brønnbåtar til Sølvtrans, ein pelagisk trålar/snurpar til danske Gitte Henning og eit konstruksjonsskip til Volstad i ordreboka.

Hekktrålaren får isklasse ICE 1A*, og driftseffektivitet, lave utslepp og komfort og sikkerheit for mannskapet har vore viktige kriterier i utviklinga av fartøyet.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler