Nær 100 skip kan bli flagga heim

Publisert: 04.02.2016 kl. 07.29 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 16.59
Sjøfartsdirektør Olav Akselsen håpar på mange fleire skip under norsk flagg dette året. (Foto: Thomas Førde)
Sjøfartsdirektør Olav Akselsen håpar på mange fleire skip under norsk flagg dette året. (Foto: Thomas Førde)


Sjøfartsdirektøren håpar at mellom 50 og 100 norskkontrollerte skip blir flagga heim i løpet av året.

Av Thomas Førde

HAUGESUND: Det var sjøfartsdirektør Olav Akselsen som meldte dette i si innleiing under Haugesund-konferansen onsdag.

Så mange fleire skip under norsk flagg, utgjer ein vekst på mellom 10 og 20 prosent av skip som blir registrerte i Norsk internasjonalt skipsregister (NIS). Denne omfattande heimflagginga kjem som følgje av at regjeringa har endra på reglane for kva skip som kan nytta NIS-flagg, når dei i tillegg til å gå i utanriksfart, vil frakta gods mellom norske hamner.

 

Ved årsskiftet var det registrert 535 skip i Norsk internasjonalt skipsregister (NIS). Dette var ein liten auke frå året før då talet på registerte skip var 522. Talet ved årsskiftet 2014/2015 var det lågaste talet sidan 1989 og langt unna toppåret 1991 då NIS-registeret hadde 896 innmeldte skip.

Det ordinære norske skipsregisteret NOR, der til dømes innanriksferjeflåten er registrert, hadde ved siste årsskiftet 871 innmeldte skip.

Fleire reiarlag som driv nærskipsfart og fraktefart i Nordsjøen og langs Norskekysten, arbeider nå med å skifta over til norsk flag. Hagland Shipping i Haugesund har meldt om at dei flaggar heime fire av sine fartøy. Arriva Shipping i Ølensvåg vil flagga heim fire av sine skip denne våren slik at ni av i alt ti skip skal i løpet av dette året kunne segla med norsk flagg akter, seier dagleg leiar, Sindre Matre.  

– De kostar minst 100 000 kroner å omregistrera kvart av våre skip. Me vil ikkje tena noko særleg økonomisk på heimflagging på kort sikt. Men det har noko med identitet å gjera samtidig som det er enklare å forholda seg til norske styresmaker og norsk register. Dessutan har det norske flagget eit godt omdømme i utlandet, seier Matre.

Han legg til at ved bruk av norsk mannskap på NIS-registrerte skip, får reiarlaget refundert delar av kostnadane til skatt og sosiale avgifter for sjøfolka. Samtidig stiller styresmaktene krav om at reiarlaget skal ha opplæringsstillingar om bord.

– I praksis kjem Arriva Shipping dermed til å auka talet på lærlingar og kadettar om  bord, seier adm.dir. Sindre Matre.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler