NAO kjøper to skip fra Ulstein

Publisert: 12.02.2014 kl. 13.40 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
PX121
PX121


Skipa blir fartøy nummer sju og åtte som NAO kjøper frå Ulstein. Like før jul i fjor kjøpte reiarlaget seks fartøy av type PX121-design, som var bygde ved Ulstein Verft i 2012 og 2013. Arbeidet med dei siste to fartøya har starta opp og dei skal leverast frå Ulstein Verft i januar 2015. Totalverdien på dei åtte skipa er i overkant av 2 milliardar kroner.

– Vi er svært glade for at Nordic American Offshore har valt Ulstein på nytt når dei no vel å utvide PSV-flåten sin, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.

Ulstein har til saman selt 18 fartøy av denne designtypen. Seks er tidlegare bygde ved Ulstein Verft, og alle desse har gått på faste kontraktar i Nordsjøen. Ti er bygde eller under bygging ved andre verft i Kina og søraust-Asia.

Då Ulstein bestemte seg for å satse på nettopp desse skipstypane, var det eit resultat av grundige marknadsanalysar. I Nordsjøen vert desse PSV-ane rekna som mellomstore, og dei har ein optimal kombinasjon av drivstoffeffektivitet og dødvekt. Dei har kapasitet og yting som ligg nær segmentet for større PSV-ar. Dei kan ta på seg dei aller fleste oppdraga som litt større PSV-ar utfører. Både investeringskostnaden og driftskostnaden blir lågare.

Skipa for NAO har byggenummer 303 og 304 ved Ulstein Verft. Verftet har no fem skip i ordreboka.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler