Noreg kan få verdas første hydrogendrivne cruiseskip

Publisert: 28.09.2017 kl. 15.37
Viking Sun, Viking Cruises fjerde cruiseskip som nylig ble registrert i NIS.  Foto: Viking Cruises
Viking Sun, Viking Cruises fjerde cruiseskip som nylig ble registrert i NIS. Foto: Viking Cruises
Viking Cruises jobbar med planane for det som kan bli verdas første cruiseskip med nullutsleppsteknologi. Skipet skal nytta flytande hydrogen som drivstoff, kom det fram under Sjøsikkerhetskonferansen i dag.

Det er Sjøfartsdirektoratet som melder dette i eit presseskriv.
 

Går alt som Viking Cruises ønskjer, kan dei i framtida kunne lansera eit fullskala cruiseskip driven av flytande hydrogen. Det opplyste Serge Fossati, som er prosjektleiar i reiarlaget, under Sjøsikkerhetskonferansen i Haugesund. Skipet skal vera om lag 230 meter langt, ta over 900 passasjerar og eit mannskap på 500.

– Dette er ein verdsnyheit. Veldig spennande. Får dei dette til, kan ein få utvikla eit distribusjonsnettverk som gjer at også andre kan nytta hydrogen som drivstoff. Det kan bidra til ein utsleppsfri skipsfart i framtida, seier Sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

Viking Cruises, som dei siste åra har registrert fleire nye cruiseskip inn i Norsk Internasjonalt Skipsregister, ser for seg å bygga eit skip etter tilsvarande design som deira havgåande cruiseskip, som til dømes Viking Sun. Reiarlaget er tydelege på at dei ønskjer at også hydrogenskipet skal inn i NIS om det blir realisert, og er allereie i dialog med Sjøfartsdirektoratet.

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler