Ny konsernsjef i Kleven

Publisert: 07.02.2018 kl. 08.19
– Vi er svært glade for å ha fått Karsten Sævik inn som ny konsernsjef i Kleven. Han har solid og relevant bransjeerfaring, og kjenner utfordringane i industrien godt. I tillegg har han den lokale forankringa vi ønskte oss, seier styreleiar i Kleven, Leif Teksum, i ei pressemelding.
 

Karsten Sævik er 55 år og bur i Ulsteinvik. Han har siste fem åra vore konsernsjef i Remøy Group og administrerande direktør i Remøy Shipping. Før det var Sævik administrerande direktør ved Ulstein Verft i seks år, og frå 1991 til 2006 arbeidde han for kjemikaliereiarlaget Odfjell ASA i Bergen, der han blant anna var nybygg/prosjektdirektør. 

Sævik startar i stillinga etter nærare avtale. Han har i utgangspunktet seks månaders oppseiingstid hos noverande arbeidsgjevar. 

Olav Tanberg held fram som konstituert konsernsjef inntil Karsten Sævik kan starte i Kleven.

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler