Ny kontrakt med Fjord 1 til Brødr. Aa

Publisert: 15.03.2012 kl. 12.38 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
Fjordprins
Fjordprins


Båten, som vert levert i november 2012 og sett inn i rute 1. januar 2013, er utvikla av Brødrene Aa i tett samarbeid med Fjord1 Fylkesbaatane. Passasjerkatamaranen vert bygt ved Brødrene Aa sitt anlegg i Hyen og vert verftet sitt bygg nr. 269.

– Det er svært hyggeleg å vinne ein slik anbodskonkurranse og dette er eit viktig prosjekt for oss. Vi har hatt eit godt samarbeid med Fjord1 Fylkesbaatane tidlegare, og det er kjekt at dei kjem tilbake for å kjøpe nye miljøvenlege karbonfiberbåtar, seier dagleg leiar i Brødrene Aa Tor Øyvin Aa.

Den nye hurtigbåten er miljøvenleg, med drivstoffreduksjon på minst 30 prosent og ny motorteknologi, gjer at NOx-utslepp blir redusert med nærare 50 prosent. I tillegg til dette vert partikkelutslepp og svovelutslepp vesentleg redusert.

– Gjennom å nytte karbonfiber sandwich som byggemateriale kan det byggast båtar med mindre vekt, og i tillegg til det siste og beste innan motorteknologi, vil hurtigbåten ha same fart med mindre yting. Dette vil igjen bety mindre drivstofforbruk og utslepp, seier administrerande direktør i Fjord1 Fylkesbaatane Stig Kristoffersen.

Passasjerbåten får ein total lengde på 21 meter breidde på 7,5 meter og ein kapasitet på 48 passasjerar pluss mannskap. Den skal byggast iht. Det norske Sjøfartsdirektoratet (NOR) fartsområde 3, klasse D, inntil 5 nautiske mil. Den nye båten vil ha ein servicefart på 28 knop, ei dødvekt på om lag 7,6 tonn, samt universell utforming med alle fasilitetar for passasjerar lett tilgjengeleg på eitt dekk. Innreiinga vert generelt av høg standard med f.eks. stolar i hud og elles tilsvarande som dei andre to båtane Fjord1 Fylkesbaatane har fått levert frå Brødrene Aa – Fjordprins og Sognekongen.

Reisande kan forvente sikrare og meir komfortable båtar. – Den nye passasjerbåten tilfredsstiller dei nyaste og strengaste krava til tryggleik. Fartøyet er godkjent etter den internasjonale HSC 2000-koden og skal dimensjonerast etter DNV HSLC regelverk. Vidare er det lagt vekt på universell utforming og god tilrettelegging i høve enkel ombord- og i landstiging, seier dagleg leiar i Brødrene Aa Tor Øyvin Aa.

– Vi har som mål at reisa skal være ei god oppleving i seg sjølv, seier Kristoffersen, og har difor lagt godt til rette for passasjerane med høg reisekomfort, seier administrerande direktør i Fjord1 Fylkesbaatane Stig Kristoffersen.

Fjord1 ønskjer å være leiande i utviklinga av miljøvenlege transportløysingar. Samtidig skal dei gje passasjerane eit tilbod av høg kvalitet, og vere eit konkurransedyktig alternativ både for passasjerar og for oppdragsgjevar. Konsernsjef i Fjord1, Leif Øverland, meiner miljøtiltak, forretningssuksess og kundenytte bør gå hand i hand. – Dersom vi skal bli eit meir miljøvenleg samfunn, må det løne seg for kundar og selskap å ta i bruk miljøvenleg teknologi, seier han.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler