Ny kontrakt til Brødrene Aa

Publisert: 09.10.2017 kl. 10.45
Brødrene Aa skal bygge totalt tre båtar. Alle tre vert på 42 meter. To av dei skal ta 300 passasjerar og yte 40 knop.  Den tredje skal ta 230 passasjerar og gå 37 knop. Foto: Brødrene Aa
Brødrene Aa skal bygge totalt tre båtar. Alle tre vert på 42 meter. To av dei skal ta 300 passasjerar og yte 40 knop. Den tredje skal ta 230 passasjerar og gå 37 knop. Foto: Brødrene Aa

Brødrene Aa i Hyen har inngått kontrakt om levering av tre nye hurtiggåande katamaranbåtar i karbonfiber til den kinesiske marknaden. Kjøpar er Zhong Shan-Hong Kong Passenger Shipping CO-OP Co. Ltd (ZS), Kina. Båtane skal operere i farvatna mellom Hong Kong og Guangzhou i Kina, går det fram av ei pressemelding.

Kontrakten gjeld konstruksjon og bygging av totalt tre båtar. To av båtane blir på 42 meter, skal ta 300 passasjerar og skal dimensjonerast for 40 knops operasjonsfart. Den tredje blir òg 42 meter lang, skal ta 230 passasjerar og skal gå 37 knop.

Båtane skal byggast og ferdigstillast ved Brødrene Aa sitt verft i Hyen. Det blir byggestart i november og levering til Kina skal skje i tidsrommet frå oktober 2018 til juni 2019.

- Dette representerer ein viktig leveranse for oss og vi har nådd ein viktig milepæl i arbeidet vårt med å kome inn på den kinesiske marknaden, seier Tor Øyvin Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa AS.

Brødrene Aa fekk inn kinesiske Chu Kong Shipping på eigarsida i 2015. I dette partnarskapet inngår etablering av eit felles produksjonsselskap i Kina, samstundes som det har blitt ein døropnar for levering av ferdige båtar frå Brødrene Aa sitt verft i Hyen.

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen