Ny kontrakt til Ulstein

Publisert: 31.07.2018 kl. 10.20
Ulstein Verft skal bygge enda eit serviceoperasjonsskip. Illustrasjon: Ulstein.
Ulstein Verft skal bygge enda eit serviceoperasjonsskip. Illustrasjon: Ulstein.
Ulstein Verft har inngått ein byggjekontrakt med tyske Bernhard Schulte på eit serviceoperasjonsskip (SOV) av type ULSTEIN SX195 design, utvikla av Ulstein Design & Solutions. Fartøyet skal støtte opp under vedlikehaldsarbeidet som GE Renewable Energy har på den tyske vinfarmen Merkur Offshore. 

Prosjektet er utvikla i samarbeid med WINDEA Offshore, som er Bernhard Schulte sin partnar på offshorevindprosjekt. 

Påliteleg verft
- Ulstein Verft er eit svært påliteleg verft og vi gler oss til å samarbeide med ULSTEIN igjen. Vi har jobba tett og godt saman på to tidlegare prosjekt og begge disse fartøya fungerer svært godt i operasjon, seier Matthias Müller, administrerande direktør i Bernhard Schulte Offshore GmbH i ei pressemelding.

- Vi har tidlegare designa og bygd fleire skip innan fornybar energi. Berekraftig vekst er svært viktig for oss og vi ser fram til å jobbe saman med Berhhard Schulte, som er ein svært påliteleg og viktig aktør innan dette feltet, seier konsernsjef i Ulstein Group, Gunvor Ulstein.
- Dette blir vårt tredje serviceoperasjonsskip til Bernhard Schulte og det skal leverast tidleg i 2020. Dei to første blei levert i 2016 og 2017. Vi skal gjere vårt beste for å oppfylle forventningane deira også denne gangen, kommenterer administrerande direktør Kristian Sætre i Ulstein Verft.

Skipet 
Fartøyet er av typen SX195 design, utvikla av UDS over tid, er modifisert for å oppfylle spesielle krav i GE Renewable Energy-tenderet og skipseigaren sine ulike val av utstyr. Det har ei stor og sentralt plassert W2W-rørslekompensert gangveg og tårnheis for overføring av personell og last til vindturbinane. Vidare er der også ei 3D-kompensert kran som kan løfte opp til 2 tonn. Det drivstoffeffektive skipet har godt planlagt logistikk om bord, med stor lagerkapasitet, der halvparten er under tak i eit kontrollert miljø, og med trinnlaus overgang til offshore-installasjonane. Hovudutstyret er plassert i aktre enden av skipet og arbeidsoperasjonane skjer herifrå. Det vil då vere naturleg å halde skipet med aktre enden, X-STERN® , mot veret. Dette reduserer slag, støy og vibrasjonar, noko som gir god søvn og betre kvile.

SX195-designet, eit skip som måler 93,4 meter i lengde og 18 meter i breidda, er optimalisert for offshorevind. Skipet har innreiing for 120 personar. Fasilitetane om bord er moderne og av høg kvalitet. Dette skipsdesignet er fleksibelt og attraktivt for arbeid innan område som O&M (drift og vedlikehald) eller som konstruksjonsstøtte, og særleg ved forhold der veret og sjøen er utfordrande. 

Familieselskap
Bernhard Schulte er eit familieeigd selskap med over 135 års erfaring innan eigarskap og drift av skip. Selskapet har aktivitet over heile verda og sysselset 18000 sjøfolk og 1500 personar på land, eig omlag 100 skip og driftar meir enn 630 skip.

WINDEA Offshore er ein joint venture av selskapa Bernhard Schulte, BUSS Offshore, EMS Maritime Offshore og SSC Wind. WINDEA tilbyr spesialiserte løysingar for arbeid på offshorevindfarmar.

ULSTEIN er eit familieeigd, maritimt konsern som vart etablert i 1917. Konsernet er ein internasjonal aktør med hovudkontor i Ulsteinvik, og med hovudaktivitet innan skipsdesign og løysingar, skipsbygging og systemløysingar for skip. Ulstein har levert fleire offshoreserviceskip, sjå oversikt her: offshore wind references.
GE Renewable Energy har brei og produkt- og serviceportefølge innan fornybar energi. Ved å kombinere vind på land og offshore vind, hydro 
 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen