Nye kontrakter til Brunvoll

Publisert: 12.10.2017 kl. 15.25
Pelagisk tråler til Charisma Fishing Co.Ltd. som blir utstyrt med Brunvoll framdrift-, thruster- og kontrollsystem. Illustrasjon: Karstensens Skibsværft AS
Pelagisk tråler til Charisma Fishing Co.Ltd. som blir utstyrt med Brunvoll framdrift-, thruster- og kontrollsystem. Illustrasjon: Karstensens Skibsværft AS

Brunvoll har sikra seg nye kontrakter til fiskefartøy og brønnbåt. Selskapet har signert kontrakter på framdrift-, manøvrering- og kontrollsystem med MAN D&T SE, Tyskland, og Karstensens Skibsværft A/S, Danmark, til en pelagisk tråler for selskapet Charisma Fishing Co. Ltd, Shetland. Samme kontrakt er inngått med Aas Mek. Verksted AS til ein brønnbåt for Sølvtrans AS. Leveransane frå Brunvoll finn stad i løpet 2018.

Systemleveransen frå Brunvoll består av framdriftsanlegg med gir, propell, dyse, og komplett thrustersystem med elektriske drivemotorar og startarar. Systemleveransen inkluderer også kontrollsystem for framdrift og manøvrering, heiter det i ei pressemelding fra selskapet.

Trålar
Framdriftssystemet til den nye pelagiske trålaren til Charisma Fishing er eit 2-speed gir og cp- propellanlegg med dyse drive av ein MAN-motor på 7200 kW. Kombinasjonen av å køyre to ulike propellturtall og flytande frekvens muliggjer drivstoffoptimalisering og svært god driftsøkonomi.

Thrusterpakken inkluderer ein tunnel thruster i akterskipet og ein kombinert retractable azimuth/tunnel thruster i forskipet. Thrusteren i forskipet fungerer som tunnel thruster i inntrekt posisjon, og som azimuth thruster i nedsenka posisjon. Azimuth thrusteren vert typisk brukt under fiskeleiting og som nøddrift eller effektiv manøvrering av skipet ved inntak av fangsten. Skipet er både designa av og skal byggast ved Karstensens Skibsværft A/S i Danmark.

Brønnbåt
Leveransen til Aas Mek. Verksted er til ny brønnbåt for rederiet Sølvtrans AS og består av eit diesel- mekanisk gir og propellanlegg med dyse kopla til ein Yanmar motor på 1920 kW. Thrusterpakken består av to tunnel thrustarar for akter- og forskip. Kontrakta omfattar også opsjon på leveranse til ytterlegare eit skip. Designet er verftet sitt eige konsept av typen Aas 2502 ST. 

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler