To nye oppdrag til Ulstein Verft

Publisert: 24.02.2014 kl. 10.58 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
PX121
PX121


Ulstein offentleggjorde i dag kontraktar på bygging av to nye plattform forsyningsfartøy for Blue Ship Invest. Fartøya er av designtypen PX121 og skal leverast frå Ulstein Verft første kvartal 2015.

Ulstein Verft har med denne ordren totalt sju skip i ordreboka. Ulstein har til saman selt 20 design av PX121-designet, og dette blir fartøy nummer ni og ti som Ulstein Verft byggjer av denne typen. Det har kome svært gode tilbakemeldingar på dei første seks skipa som vart leverte frå Ulstein Verft i perioden 2012-13, og som alle arbeider i Nordsjøen

– PX121 er i ferd med å bli ei suksesshistorie for oss, med svært mange selde båtar som vert bygde både ved eige og utanlandske verft. Det er gledeleg å sjå at vi lykkast i arbeidet med å få nye produkt inn i marknaden, seier konsernsjef Gunvor Ulstein. Ho held fram:

– Ekspertisen vår ligg i å utvikle nye og gode løysingar i brytninga mellom design, systemløysingar og konstruksjon av skip. Blue Ship Invest er eit investeringsselskap innan Ulstein Group, men drifting av skip er utanfor vårt satsingsområde, så vi ønskjer å selje også desse skipa etter kvart.

I Nordsjøen vert desse plattform forsyningsfartøya (PSV) rekna som mellomstore, og dei har ein optimal kombinasjon av drivstoffeffektivitet og dødvekt. Dei har kapasitet og yting som ligg nær segmentet for større PSV-ar, og kan ta på seg dei aller fleste oppdraga som litt større PSV-ar utfører. Både investeringskostnaden og driftskostnaden blir lågare.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler