Olav Nakken blir ny sjef ved Kleven Verft

Publisert: 01.10.2018 kl. 14.08
Olav Nakken er ny adm. dir. ved Kleven Verft.
Olav Nakken er ny adm. dir. ved Kleven Verft.
Olav Nakken(54) tek til som administrerande direktør i Kleven Verft AS. Han kjem frå stillinga som prosjektdirektør for Hurtigrutens sin nybbyggorganisasjon.

Nakken er utdanna skipsingeniør frå NTNU og har over 25 års erfaring innan maritim sektor i inn- og utland, spesielt innan bygging av passasjer- og cruiseskip. Den nye Kleven-direktøren har blant anna vore ansvarleg for klassifiseringsverksemda av nybygde cruise- og passasjerskip i Det norske veritas (DNV), og har leia drifta av fire verft i Aker Yards.
 .
GOD BAKGRUNN – Vi er veldig glade for å få på plass Olav som ny administrerande direktør ved Kleven verft. Han har ein unik og brei bakgrunn frå bygging av cruise- og passasjerskip, og tung internasjonal erfaring frå verftsbransjen. Det gir han eit perfekt utgangspunkt for å posisjonere Kleven i eit viktig vekstsegment, og rigge verftet for nye kontraktar i åra som kjem, seier styreleiar Ørjan Svanevik i Kleven. 
 
SPESIELL POSISJON - Kleven har ein heilt spesiell posisjon, med ein kombinasjon av stolte tradisjonar, moderne teknologi og unik kompetanse. Eg kjenner både verftet og organisasjonen, og ser kor store moglegheiter som finnast for å sikre verftet meir arbeid i åra framover, seier Nakken.

Karsten Sævik, som har leia Kleven gjennom den siste omstruktureringsperioden, vil i ei overgangsperiode vere tilgjengeleg for rådgiving for verftet. 

TETT PPPFYLJING - Styret ynskjer ei tettare oppfylging av verftet, og ynskjer difor ein administrerande direktør som vi har hatt ein lengre relasjon til og jobba med over tid, seier Svanevik. 

- Styret ynskjer å takke Karsten for jobben han har gjort på Kleven, og set pris på at han er tilgjengeleg for oss også ei periode framover, seier Svanevik.

Kleven byggjer for tida verdas to fyrste hybriddrevne ekspedisjonscruiseskip for Hurtigruten. Det fyrste av dei to skipa skal leverast som avtalt tidleg i 2019, og etter eit omfattande testprogram segle sin fyrste tur i byrjinga av mai. 
 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen