ONS-start i Sverdrup-rus

Publisert: 27.08.2018 kl. 13.40 | Oppdatert: 27.08.2018 kl. 14.00
Equinor-sjef Eldar Sætre heldt ei strålande mottaking for Kronprins Haakon under opninga av ONS 2018 måndag føremiddag. Foto: Thomas Førde
Equinor-sjef Eldar Sætre heldt ei strålande mottaking for Kronprins Haakon under opninga av ONS 2018 måndag føremiddag. Foto: Thomas Førde
Equinor-sjef Eldar Sætre strålte om kapp med energiminister Terje Søviknes og kronprins Haakon under opninga av den store olje- og energimessa ONS i Stavanger måndag.

På opningsdagen kunne Equinor-sjefen på vegne av alle partnarselskapa overrekka til olje- og energiminister Terje Søviknes Plan og for utbygging og drift (PUD) for andre fase i det gigantiske Johan Sverdrup-prosjektet.
Under presentasjonen av utbyggingsplanen kunne Eldar Sætre visa til fleire nyskrivne kapittel frå suksess-historia om Johan Sverdrup-utbygginga.

Heile prosjektet blir enda rimelegare enn planlagt, inneheld enda større  ressursar og skal få rekordhøg utvinningsgrad. Første fase av utbygginga av Johan Sverdrup-feltet er nå 80 prosent ferdig. Fire stålunderstell er sett ned på havbotn og to plattformforbygg (topside) er løfta på plass. Dei to neste plattformene kjem på plass neste år, før produksjonsstart i november. I neste utbyggingsfase skal Aibel byggja den store prosessplattforma.

Størst sidan 1980-åra
Johan Sverdrup feltet er den største utbygginga på norsk sokkel sidan 1980-talet og vil på det meste, etter utbygginga av fase 1 og 2, eller på såkalla platåproduksjon,  produsera 660 000 fat kvar dag. For at produksjonen skal vera lønnsam treng ikkje oljeprisen vera stort høgare enn 20 dollar per fat. Equinor kunne ved opninga av ONS 2018 visa til at utbygginga av Johan Svedrup-feltet ligg an til å bli 80 milliardar kroner billegare enn kva budsjettet lydde på i 2015. Andre utbyggingsfase aleine har nå fått kostnaden redusert med seks milliardar kroner. Konsernsjef Eldar Sætre kunne presentera enda fleire imponerande tal  med å visa til at staten sine inntekter frå Johan Sverdrup ser ut til å bli 900 milliardar kroner gjennom feltet si levetid. Kvar dag vil produksjonen ha ein verdi på 350 millionar kroner.

150 000 årsverk
Sætre viste til ein oppdatert analyse frå Agenda Kaupang som viste at Johan Sverdrup fase ein og to kan bidra med 150 000 årsverk i Norge i tidsrommet 2015-20125. Når feltet kjem i drift, kan dette gi arbeid til 3400 årsverk kvart år.
– Digitalisering og ny teknologi fører til at enda større ressursar og verdiar kan utvinnast frå Johan Sverdrup enn tidlegare rekna med, seier teknisk direktør i Equinor, Margareth Øvrum. Ho legg til at Johan Sverdrup skal vera heilt i front innan digitalisering og ny teknologi  og at digitalisering vil forsterka effekten av ei rekkje teknologiar for auka utvinning. På denne bakgrunn aukar Equinor ambisjonane for utvinningsgrad i feltet til 70 prosent.
– Dette vil gjera Johan Sverdrup verdsleiande også innan høg utvinningsgrad, seier Øvrum. Ho legg til at Equinor og partnarar i feltet nå forventar at Johan Sverdrup-feltet inneheld 2,7 milliardar fat oljeekvivalentar.

Lundin gjer nye funn
Under opninga av ONS 2018 kunne dessutan eit av Equinor sine partnarselskap på Johan Sverdrup-feltet, Lundin, annonsera eit særs lovande nytt funn i Nordsjøen. Ein ny leitemodell skal ha ført fram til eit nytt funn for Lundin.
Det er Rolvsnes-funnet sør for Edvard Grieg-feltet som nå er kraftig oppgradert i storleik og som inneheld mellom 14 og 78 millionar fat olje og er ifølge Lundin-sjef Kristin Færøvik bli ekstremt kommersielt interessant. Funnet på Rolvsnes kan knytast til eksisterande infrastruktur i nærleiken. Saman med andre mindre funn i området hevdar Lundin-sjefen at der finst ressursar tilsvarande 250 millionar fat i området.

Desse to presentasjonane under opninga av ONS 2018 gir grunnlag for optimisme i industrien si store og festlege samkome og som truleg vil ha minst 60 000 besøkande i dagane fram til og med torsdag. Meir enn 1000 selskap og organisasjonar har stand på utstillinga kor det også skal haldast nærare 600 presentasjonar og foredrag.

Thomas Førde

thomas[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler