Oppstart på største skip frå Ulstein

Publisert: 10.11.2014 kl. 10.38 | Oppdatert: 16.10.2016 kl. 18.55
Per Svein Brekke, Ove Blindheim og Tom Inge Vetrhus
Per Svein Brekke, Ove Blindheim og Tom Inge Vetrhus


Fredag la arbeidsleiar Paul Myrvågnes ved Ulstein Verft på plass mastemynten til byggnummer 302, eit konstruksjonsskip for Island Offshore/Edison Chouest Offshore. Deretter vart den første seksjonen, ein dobbeltbotn, sett på plass på putene i dokkhallen. Skipet er eit konstruksjonsskip som skal leverast i slutten av 2015.

Ein viktig milepæl i eit skipsbyggingsprosjekt er kjølstrekken. Kjølstrekken inneber starten på skrogoppbygginga i dokk. I Ulstein Verft-samanheng er dette når den første seksjonen vert posisjonert oppe på betongputene i dokkhallen, og ved desse høva vert mastemynten plassert oppå éi av putene. Mastemynten er ein gammal tradisjon som skal gi hell og lukke til skipet og sikre god inntening.

Fleire representantar frå Island Offshore var til stades i dokkhallen og følgde løftet av den 28 meter breie, 22,5 meter lange og 380 tonn tunge dobbeltbotnen. Seksjonen er produsert ved Ulstein Verft si avdeling i Vanylven og har kome til Ulsteinvik på lekter.



Bygget vert det største som nokon sinne vert levert frå Ulstein Verft. Skipet har vorte teikna om for å tilpasse det til framtidige oppdrag, og det ferdige skipet er auka både i lengda og breidda. Skipet vil verte 159,8 meter langt og 30 meter breitt. Dødvekta er på nærare 14000 tonn. Endringane gjer at dekksarealet og tankkapasiteten aukar.

Volumet av stål ligg på om lag 8800 tonn, eller meir enn fem ‘vanlege’ plattform forsyningsfartøy. Av dette skal avdelinga i Vanylven produsere om lag 1520 tonn, som også er volumrekord for denne avdelinga.

– Ulstein Verft har den styrken at vi har tett kontakt mot designselskapet og at vi har ei stor teknisk avdeling som kan tilpasse designa i forhold til nye behov. Det gjer at vi har moglegheit til å svinge oss rundt og ta på oss slike større endringsordrar, understrekar Per Svein Brekke, som er Ulstein Verft sin prosjektleiar på konstruksjonsskipet.

Kim Idar Giske

kim[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler