Østensjø velger Sebastian AS

Publisert: 06.07.2015 kl. 07.07 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.01
Edda Fiddes
Edda Fiddes


Sebastian AS har teikna ein langtidskontrakt med Østensjø Rederi AS i Haugesund. Kontrakten har ein rammeavtale på fem år, der Sebastian først og fremst skal levere DP-relaterte tenester til fartøy som reiarlaget driv.

– Marknaden innan olje og offshore er tung for tida, og der er vanskeleg å skaffe seg slike kontraktar både for store og små selskap. Derfor er vi stolte av at vi har klart å sikre oss ein femårsavtale. Vi kjenner Østensjø som eit veldrive og godt reiarlag og er glade for å vere ein av deira samarbeidspartnarar, kommenterer dagleg leiar Johannes Kr. Bjøringsøy i Sebastian i ei pressemelding.

Sebastian AS har spesialisert seg på teknisk og operasjonell kompetanse knytt til system på avanserte offshorefartøy og mobile offshoreinstallasjonar. Bjøringsøy meiner dei har utvikla det beste verktøyet og samla den beste kunnskapen med tanke på å forhindre operasjonelle avbrot, nedetid, uhell og ulykker.

Østensjø Rederi AS er eit stort reiarlag som driv innan både offshore, taubåttenester og store hotellskip. Sidan starten i 1974 har reiarlaget bygd opp milliardverdiar og har i dag 28 skip samt 9 nybygg under produksjon. Selskapet har over 500 tilsette. Nyleg skreiv Østensjø kontrakt med eit anna Ulstein-selskap, nemleg Kleven Verft, om bygging av eit 150 meter langt avansert offshore konstruksjonsskip til 1,4 milliardar kroner.

Rammeavtalen inneber at Sebastian utfører teknisk analyse av fartøy, yte assistanse i samband med operasjonelle styringssystem – og syte for ei effektiv gjennomføring av FMEA-tenestene (Failure Modes an Effects Analysis).

Med 20 års erfaring innan olje og maritim industri har Sebastian samla opp kunnskap og erfaring over ein brei skala. Teamet i selskapet har omfattande erfaring frå arbeid på verft, mobile offshoreinstallasjonar og om bord i skip.

 – I Østensjø er vi opptatt av å knytte til oss den aller beste ekspertise innan områder vi har definert som operasjonelt kritiske. Vi ønskjer å nytte oss av Sebastian AS innan DP for å kunne møte kundene sine stadig meir utfordrande ønskjer og krav. Vi er avhengig av å vere best når vi er ute og konkurrerer om jobbane, seier Sveinung Zahl, Operations Manager i ein kommentar.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler