Prestisjekontrakt til Ulstein Verft

Publisert: 07.11.2017 kl. 13.52
Ekspedisjonsskipet er designa av Ulstein. Skipet skal byggast på Ulstein Verft og vert det første polare nybygget i flåten til Lindblad Expeditions-National Geographic. Illustrasjon: Ulstein
Ekspedisjonsskipet er designa av Ulstein. Skipet skal byggast på Ulstein Verft og vert det første polare nybygget i flåten til Lindblad Expeditions-National Geographic. Illustrasjon: Ulstein
Ulstein Verft skal byggje polarskip med X-Bow for Lindblad Expeditions. 

Ekspedisjonsskipet er designa av Ulstein og vert det første polare nybygget i flåten til Lindblad Expeditions-National Geographic, melder Ulstein Verft i eit presseskriv tysdag. Lindblad er ein leiande aktør innan ekspedisjonscruise og eksklusive reiseopplevingar.

Det nye fartøyet vil bli bygd på Ulstein Verft i Ulsteinvik, og skal leverast i første kvartal 2020. I avtalen ligg også opsjonar på ytterlegare to skip.

Det moderne skipet er utvikla for polare forhold, som den ultimate plattforma for ekspedisjonar der sikkerheit og komfort står i fremste rekke, saman med berekraftige løysingar for å redusere påverknaden på miljøet. Den bakoverlente baugen, X-Bow, er Ulstein sitt designkjenneteikn, og syter for drivstoffeffektivitet samtidig som han forbetrar passasjerane sin komfort i røff sjø, kan man lese i pressemeldinga. 

Høg isklasse
Skipet har også ei svært høg isklasse for å kunne kome seg langt inn i polare strøk. Skipet har store tankar for drivstoff og drikkevatn som gjer at det kan gjennomføre lengre operasjonar i fjerntliggande område. Integrerte stabilisatorfinnar sikrar stabiliteten undervegs, mellom anna når skipet stoppar opp for å observere dyrelivet, eller ved avstigning eller ombordstigning.

– Vi set pris på å bli valt som partnar for dette spennande prosjektet. Lindblad er eit nyskapande selskap og i fremste rekke innan ekspedisjonscruise. Vi ser fram til å realisere prosjektet saman med Lindblad og deira samarbeidspartnarar, seier Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group.

Tilgang til naturen
Lindblad ønskjer at dei reisande skal kunne delta i utforsking av naturen. Skipet er derfor designa for å få tilgang til naturen overalt på skipet. 75 prosent av lugarane har eigne balkongar, og der er fleire observasjonsdekk både innandørs og på dekk, i tillegg til observasjons-vingar. Naturen kring skipet vil difor alltid vere tilgjengeleg. Utforsking av naturen utanfor skipet er mogleg på kort tid med eit innovativt lastesystem for rib/gummibåtar. Skipet har også eit rikt utval av mellom anna kajakkar, ski, ein fjernstyrt miniubåt, hydrofonar, eit videomikroskop og eit undervassvideokamera for fleire ekspedisjonsopplevingar, i tillegg til eit helikopterdekk.

Suitar og spa
Fartøyet har høgaste komfortklasse for passasjerane for å sikre eit roleg og fredeleg miljø om bord. Dei 69 romslege gjestelugarane og suitene femner også om tolv lugarar for enkeltreisande. Spa- og treningsområda inkluderer behandlingsrom, badstuer, treningsrom, avslapningsområde og yogarom, og to boblebad med glasveggar ut i sjøen for å kunne slappe av i nær kontakt med naturen. Mattilboda omfattar ein hovudrestaurant med eineståande utsikt, grill- og bistroområde.
 

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler