Pris til Gunvor Ulstein

Publisert: 07.04.2011 kl. 09.33 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.01
Gunvor Ulstein mottar pris i London
Gunvor Ulstein mottar pris i London


Tidlegare denne veka var konsernsjef i Ulstein Group, Gunvor Ulstein, i London for å ta i mot Seatrade Awards sin spesialpris for unge framtredande leiarar. Ho fekk prisen for måloppnåing gjennom dei siste åra og for at å stå fram som ein rollemodell for unge som vurderer ei karriere i maritim næring.

Prisen vart delt ut av HKH prinsesse Anne av Storbritannia. I sin takketale sa Gunvor Ulstein at dette er ein pris som ho deler med alle medarbeidarar i Ulstein og sin familie. Vidare sa ho i sitt innlegg at marine operasjonar vert stadig meir komplekse og internasjonale.

– Krava til effektivitet, sikkerheit og miljøomsyn vert heile tida innskjerpa. Framtidig suksess vil avhenge av at vi kjem opp med nye idear og måtar å gjere ting på. Gjennom å kombinere ferdigheiter, kunnskap og kreativitet skal vi skape nye konsept, løysingar og produkt i samspel med aktørar i næringa. Gjennom hardt arbeid og med skaparglede skal vi skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar, fortalde ho.

Gunvor Ulstein har også tidlegare motteke prisar: I 2006 ble ho utnemnt til Årets forretningskvinne og fekk Veuve Clicquot-prisen. I 2008 vart ho utnemnd til årets Shippingnavn av WISTA.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler