Rekordomsetning for Island Offshore

Publisert: 09.03.2015 kl. 13.21 | Oppdatert: 16.10.2016 kl. 12.22
Island Condor og Island Clipper
Island Condor og Island Clipper


Island Offshore Group er klare med tala for 2014 og kan rapportere om ei rekordomsetning på 2,7 milliardar kroner – 25% høgare enn i 2013. Flåteutnyttinga var på heile 91%, og fem nye fartøy vart tekne inn i flåten i løpet av året. To fartøy vart også selde.

– I 2014 gjennomførte vi eit omfattande vedlikehalds- og ombyggingsprogram, og opplevde samstundes ein skuffande spotmarknad så ei flåteutnytting på 91% er vi veldig nøgde med, seier administrerande direktør Håvard Ulstein i ei pressemelding.

Driftsresultatet for året enda på 1,27 milliardar kroner, opp frå 885 million kroner i 2013. Med i 2014-tala er ein salsgevinst på 277 millionar kroner. Forteneste før skatt er på 406 millionar kroner inkludert eit urealisert valutatap på 210 millionar kroner relatert til konvertering av lån i US dollar.

I tillegg til sterke finansielle resultat har vi også oppnådd ei signifikant betring i viktige HMS-mål i 2014, deriblant ein reduksjon i personskadefrekvens samt reduksjon av flåta sitt CO2 utslepp.

–  Folka våre er vår mest dyrebare ressurs, og målet vårt er at alle skal kome trygt og godt heim til familiene sine etter endt arbeidsperiode. Det er difor ekstra gledeleg å sjå at tiltaka våre på HMS-sida ber frukter. Det skal vere trygt å vere på jobb for alle dei 1.200 tilsette i Island Offshore, seier Ulstein.

Nybyggingsprogrammet inkluderar fem fartøy i tillegg til Island Clipper som skal leverast i april. I lys av marknaden har Island Offshore blitt enige med Vard Brevik om å utsette leveringa  av dei resterande fire båtane frå Vard, i gjennomsnittleg seks månader. Saman med salet og tilbakeleige-transaksjonen av Island Champion, er denne avtala viktig for å døyve dei negative implikasjonane av ein svakare marknad, og desse tiltaka vil betre den kortsiktige pengestraumen for gruppa.

 

– Vi ser framleis på spotmarknaden for plattform supplyskip og ankerhandtererar som ubalansert og forventar gjennomsnittlege lavare dagrater framover, spesielt for PSVar. Vi valde difor å legge to av PSVane våre i opplag i februar i påvente av ei forbetring i markedet. Dagens dagrater i spoten gir ikkje tilfredsstillande lønnsemd for fartøya slik vi ser det, seier Ulstein.

Island Offshore har ein god ordrereserve på totalt 6,4 milliardar kroner, noko som tilsvarer omlag 2,4 gongar 2014-omsetninga, og kontraktsdekninga så langt er på omlag 80 % for 2015. Strategien er framleis å sikre seg langsiktige kontraktar med strategisk føretrekte klientar.

 

Island Offshore- gruppa har 28 fartøy i operasjon innan segment som plattformsupply, ankerhandtering, brønnstimulering, subsea konstruksjon og lett brønnintervensjon. Flåten opererer i dag i Norge, Storbritannia, Nederland, Vest- Afrika og Mexicogulfen.

Kim Idar Giske

kim[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler