Remøy Shipping byggjer Ulstein-design ved Ulstein Verft

Publisert: 02.06.2008 kl. 07.02 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.01

Remøy Shipping har signert kontrakt med Ulstein Verft om bygging av to miljøvenlege plattform forsyningsfartøy (PSV) av typen ULSTEIN PX105 designa av Ulstein Design, og med ei rekkje framtidsretta produkt og system frå Ulstein Elektro. Fartøya er allereie tinga for langtidsoppdrag av StatoilHydro.

- Vi synest det er svært hyggeleg at enno eit lokalt reiarlag kjem til Ulsteinkonsernet for å få designa og bygd skip, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulsteinkonsernet. Fartøya skal leverast februar og mai 2011.

StatoilHydro kunngjorde tidlegare i år at Remøy Shipping er tildelt ein åtteårskontrakt med opsjonar på 4 x 1 år, på to PSV-fartøy med design og utstyrspakkar frå Ulstein Design. Forhandlingane om byggeverft var ikkje klare ved kontraktsinngåing mellom Remøy og StatoilHydro, men Remøy Shipping sette lit til lokale krefter for å få skipa klare til kontrakten med StatoilHydro: - Vi hadde alternative verft i India, Kina, Singapore og Spania i kikkerten då Ulstein Verft kom på banen. Valet fall på Ulstein ut i frå ei totalvurdering og vi har stor tru på at Ulstein Verft klarer å halde leveringstida. Vi har langsiktige eigarar og drivarar som har fokus på å investere i den beste kvalitet, seier administrerande direktør Per Gunnar Jarnes i Remøy Shipping.

Mykje av innhaldet i den nyutvikla ULSTEIN PX105-designen er gitt avkravspesifikasjonar frå StatoilHydro (Statoil). - Vi hadde lyst til å samarbeide med Ulstein Design om å få i land denne kontrakten. Skipa med ULSTEIN X-BOW® representerer noko nytt og spennande, og saman utvikla vi eit design som tilfredsstilte krava til StatoilHydro, fortel Jarnes.

- Fartøya vert utrusta med Mecmar sitt eksossystem, som slepp ut eksosen i skutesida rett over vasskorpa. Ved å fjerne eksoskanalane vert det frigjort areal i innreiinga, og på brua vil det gi tilnærma 360 graders fri sikt, fortel designsjef Håvard Stave ved Ulstein Design og held fram: - Skipa vert også utstyrt med det nyutvikla CargoMaxx tanksystemet. Dette er eit avansert tanksystem som mellom anna kan laste borekaks, tørrbulk, mud, brine og drivstoff. I tillegg er systemet førebudd for oljevern og oljeoppsamling (ORO), seier Stave.

ULSTEIN PX105-designen er 88,8 meter lang og har ei breidde på 19 meter, og får ein total ytelse på 7600 eKW. DP II-fartøya er også klassifiserte som Standby Rescue for 250 personar og er innreidde for eit mannskap på 24 personar.

Skipa får Ulstein Accomodation Standard, og avansert teknologi frå Ulstein Elektro, som ULSTEIN IAS®, det nye IP-baserte ULSTEIN COM®-systemet og ULSTEIN NAV.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler