Samarbeid mellom Schottel og Ulstein

Publisert: 12.07.2019 kl. 10.59
Illustrasjon av Blue Ctrl IAS. Ill: Ulstein
Illustrasjon av Blue Ctrl IAS. Ill: Ulstein
Ulstein og Schottel ønsker å samarbeide for å kunne ta nye steg innan automatisering og digitalisering av marine operasjonar. 

Det kjem fram av ei felles pressemelding. Som følge av samarbeidet vert eit av dotterselskapa i Ulstein Group, Ulstein Blue CTRL, skilt ut som eit sjølvstendig selskap under namnet Blue CTRL. Ulstein og Schottel skal eige 50 prosent kvar av aksjane i dette selskapet.
Selskapet sine produkt og system vert basert på plattforma X-CONNECT.

X-Connect er ei universell digital plattform for marin automasjon, styring og overvaking, som Ulstein har utvikla sidan 2011. Schottel på sin side har også lange tradisjonar for å utvikle styrings- og automasjonssystem for ei rekke ulike framdriftssystem for skip.

Både nybygg og eksisterende skip
– Vi ser fram til dette samarbeidet i Blue CTRL og å starte felles utvikling av smarte system for marin automasjon og digitalisering. Systema som Blue CTRL leverer vil gjere det mogleg for oss å tilby kundane smartare og integrert styring av både nybygg og eksisterande skip. I tillegg er det eit solid system for hybride og elektriske løysingar. Partnarskap er viktig i dagens marknad. Gjennom Blue CTRL skal vi ha fokus på utvikling av automasjon og digitale tenester. Vi skal halde fram med å gje våre kundar innovativ og global propulsjonsekspertise, seier Stefan Kaul, direktør for industrielle operasjonar og konsernsjef i Schottel.

X-Connect-plattforma ligg i botnen for ei rekke ulike produkt; Alarm- og overvakingssystem, integrert automasjonssystem (IAS), energistyring, kraftstyringssystem og skytenesta Blue Box.

Kurt W. Vadset

kurt[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler