Sebastian AS tegner kontrakt med Statoil

Publisert: 21.02.2014 kl. 07.00 | Oppdatert: 09.01.2017 kl. 17.02
CAT
CAT


Sebastian AS i Ulsteinvik har teikna kontrakt med Statoil i samband med den nye CAT I-riggen som skal kunne operere under ekstreme forhold i arktiske strøk.  Gjennom den spesielle kompetansen sin skal Sebastian bidra til trygge og sikre operasjonar.

Det er det Oslo-baserte selskapet Inocean som har fått kontrakten på design til dette prestisjeprosjektet. Riggen blir eit boreskip som skal operere i opp til 1,2 meter is, der andre riggar må gi tapt. Kanskje er dette den mest avanserte og sofistikerte eininga som er utvikla for boreoperasjonar. Med andre ord eit heilt nytt konsept i verdssamanheng. Andre selskap har prøvt seg på liknande prosjekt, men feila.

– Det er kjempespennande å vere med på noko nytt. Statoil var den største kunden vår i 2013, og vi tolkar denne avtalen slik at dei er nøgde med dei oppdraga vi har utført for dei. Denne kontrakten varer fram til sommaren, men vi håper vi får sjanse til å vere med vidare, kommenterer dagleg leiar Johannes Kristian Bjøringsøy i Sebastian AS.

Han veit at tryggleiksfokuset i dette prosjektet om mogleg er endå større enn vanleg. For her må det takast omsyn til tøffe utfordringar som is og skarp kulde.

Statoil har ikkje  tatt investeringsbeslutningen, så det er enno tidleg i prosessen. Det er noko Ulsteinvik-selskapet er glad for:

– Det er viktig for oss å kome tidleg inn med den spisskompetansen vi skal levere. I dette tilfellet gjeld det tekniske og operasjonelle konsulenttenester som skal gjere boreskipet skikka til å gjennomføre operasjonane sine trygt og sikkert, forklarer Bjøringsøy.

Sebastian har tilsett fleire erfarne navigasjonsoffiserar. Kapteinane har erfaring frå isen og skal gi råd i arbeidet med det nye Statoil-skipet. Dette er ein kompetanse som Ulsteinvik-selskapet har knytt til seg dei siste åra i tillegg til ingeniørane dei har i staben. På det tekniske området har Sebastian folk som kan gi overordna råd i forhold til grensesnittet mellom ulike avanserte system:

– Eit slikt fartøy vil ofte ha forskjellige leverandørar av til dømes propellar, motorar og styringssystem, ofte med ulik designfilosofisk tilnærming. Då blir oppgåva vår å sikre at grensesnittet går i hop. Vi kan kalle det for krysskompetanse, smiler Johannes Kristian Bjøringsøy.

Sebastian AS vart etablert i 1994. Selskapet har i dag ti tilsette. Dagleg leiar er Johannes Kristian Bjøringsøy. Hovudkontoret ligg i Ulsteinvik sentrum. Sebastian har spesialisert seg på teknisk og operasjonell kompetanse knytt til system på avanserte offshorefartøy og mobile offshore-installasjonar. Selskapet har to forretningsområde. Consultancy & Engineering og DP & FMEA.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler