Sjøfartsdirektoratet vil ta miljøsyndarar

Publisert: 26.09.2018 kl. 15.28 | Oppdatert: 26.09.2018 kl. 15.50
Sjøfartsdirektør Olav Akselsen vil ta dronar i bruk i kampen mot miljøsyndar på havet. Foto: Thomas Førde
Sjøfartsdirektør Olav Akselsen vil ta dronar i bruk i kampen mot miljøsyndar på havet. Foto: Thomas Førde
Inspektørane frå Sjøfartsdirektoratet skal fokusera på miljøsynder når dei neste år skal gjennomføra tilsyn om bord i skip.

–  Me vil med dette påverka næringa til å tenkja og handla miljøvennleg, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen, som legg til at direktoratet vil auka merksemda omkring alle dei nye reglane som er komne når det gjeld utslepp til sjø og luft.

Under opninga av Sjøfartsdirektoratet sin eigen sjøsikkerheitskonferanse i Haugesund onsdag viste Akselsen døme på moderne kontrolltiltak som direktoratet nå tar i bruk. Dronar vil til dømes bli nytta ute på havet for å sniffa kva som kjem ut av skorsteinen på skipet. Målarar og sensorar kan festast til drona.

Dersom det viser seg at innhaldet i eksosen verkar mistenkeleg, kan direktoratet sine inspektørar gå om bord for å gjera målingar om skipet til dømes held seg under den lovlege grensa for svovelinnhald i drivstoffet, ei grense som er fastsett av FN sin sjøfartsorganisasjon, IMO. I følgje Sjøfartsdirektøren er det fire til fem prosent av skipa som fuskar.

– Dette skjer fordi det er mye billegare med bruk drivstoff som har høgt svovelinnhald, seier Akselsen som opplyser at direktoratet gjer 431 uanmeldte kontrollar på skip i år.

Sjøfartsdirektoratet vil i sine inspeksjonar også fokusera på at avfall ikkje hamnar i sjøen.

Norge går føre
Under opninga av konferansen blei det dessutan peika på at Norge er eit føregangsland når det gjeld reduksjon  av miljø - og klimagassar frå skip. Norge var først med gassdrivne (LNG-drivne) skip. Den første LNG-drivne ferja, Glutra, kom i 2000. I fleire år var Norge aleine om slike skip. Men nå kjem andre land etter og av verdas LNG-drivne skip er nå 40 prosent norske. I 2015 kom den første heilelektriske ferja. I 2021 vil det vera 70 batteridrivne skip i Norge.

Neste trinn i denne utviklinga er hydrogendrivne ferjer. Statens Vegvesen har sett i gong eit prosjekt med utvikling og bygging av ei hydrogenelektrisk ferje som i 20121 skal setjast i drift i sambandet Nesvik-Hjelmeland-Skipavik i Ryfylke.

Hydrogen og tryggleik
Vegdirektør Terje Moe Gustavsen peika i si innleiing under konferansen i Haugesund på store utfordringar når det gjeld utvikling av ei verdikjede for produksjon og distribusjon av hydrogen. Dette er ein del av det nye prosjektet. Moe Gustavsen peika mellom anna på at hydrogen er høgeksplosiv dersom gassen kjem i kontakt med luft.

 – Tryggleik må difor vera i fokus i dette utviklingsarbeidet rundt hydrogen, sa Moe Gustavsen. Sjøfartsdirektør Olav Akselsen peika på at klimagassen CO2 frå skipsfarten utgjer berre to prosent av samla CO2-utslepp  i  verda, medan 90 prosent av all godstransport blir frakta med skip.

– Men dette er likevel store mengder klimagassar, litt meir enn samla utslepp frå store industriland som England og Tyskland. Det er difor viktig at skipsfarten tar tak i dette, seier Akselsen, som i tillegg peikar på at miljøvennleg drivstoff også bidrar til å løysa lokale utfordringar med utslepp av svovel, NOx, sot og partiklar. 

Thomas Førde

thomas[a]maritimt.com

Kommenter denne artikkelen

Relaterte artikler